Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Langevåg IL, diskgolf
Langevåg IL, diskgolf kjem med nokre av landets fremste innan frisbeegolf! fotograf Langevåg IL, diskgolf
Fotograf: Ålesund NTN Taekwon-Do Klubb
Ronny Eidsvik (t.h.) er ein av landets fremste innan Taekwondo. No er han klar til å halde kurs i samband med Barnas Supersommar! fotograf Ålesund NTN Taekwon-Do Klubb
Fotograf: Hallgeir Hove
Maria Holand Tøsse er klar med nytt songseminar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Adrian Hoff står bak nytt bandseminar og på Barnas cupfredag får vi nye flotte bandopplevingar! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Friluftsrådet vil halde kurs i kajakkpadling! fotograf Hallgeir Hove

Barnas Supersommar 2013!

I desse dagar vert det jobba med dei siste detaljane kring Barnas Supersommar 2013. Som tidlegare år, vil arrangement og aktivitetstilbod for barn og unge kome tett i løpet av perioden frå midten av juni til midten av august.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 30.05.2013

Alt no kan vi avlsøre at dei unge kan gle seg til eit nytt songseminar med Maria Holand Tøsse, minidisko for dei frå aller yngste t.o.m 7. klasse og Taekwondo med Ronny Eidsvik. Vidare ser det også ut til å bli nytt bandseminar med Adrian Hoff og DJ-kurs med Åge Staurset

I samband med Stordalscup, vert det Barnas cupfredag (28. juni) Karnevalstog frå sentrum til stadion. Show med seminardeltakarar på utescena. A-kamp, kiosk og tivoli. Sjølvsagt vert det gratis is til barna også denne gong! Stordalscup held så fram både på laurdagen og søndagen, tettpakka med tilbod for både små og store.

Dagen før jonsokaftan vil Barnas kommune også bidra til at det skjer mykje kjekt i Stordal, med m.a. fantetog og anna ved småbåthamna. Der vil også pensjonistlaget ha rømegrauten klar. Etter opplegget ved hamna/osen er ferdig, vert det SommarTRØKK ved stadion, med både livemusikk og diskotek ved utescena. På sjølve jonsokaftan inviterer velforeninga til  feiring ved sjøen på Dyrkorn. 

Friluftsrådet stiller opp også denne sommaren og no slik at ein kan få vere med på kurs i kajakkpadling.

Spanande vert det også å vere med på frisbeegolf. Langevåg IL, Diskgolf stiller nemleg med fleire av sine instruktørar, som faktisk er blant landets beste spelarar!

I samband med kulturfestivalen sist sommar, køyrde Elin Parr eit særs vellukka fotoprosjekt og ho har sagt ja til å få til noko liknande denne sommaren. Arna og Ole Magnar Øvrebust vert også med, slik at alle som vil kan få høve til å vere med på folkedans.

Då er det berre å gle seg til det endelege programmet ligg føre og som ein forstår vert det mykje kjekt å vere med på framover.

Nedanfor har vi gleda av å presentere nokre lenker til tidlegare reportasjar, knytt til Barnas kommune sine aktivitetstilbod: 

Barnas Supersommar i gong!

Jonsokfeiring i nydeleg ver!

Tidenes folkefest!

Vellukka Langsæterdagar! 

Kulturfestivalen vart ein suksess!

Super start på Supersommaren!

For ei rad fleire reportasjar frå kjekke arrangement/aktivitetar, viser ein til nyhendearkivet vårt. Som kjent har vi køyrt Barnas Supersommar i ei årrekkje no, i tillegg til Barnas juleveke og mykje anna. Det er absolutt verdt å ta eit tilbakeblikk på alt dette!

Og sjølvsagt fyl du Barnas kommune på facebook, ikkje sant?

Super dupert!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Mot Almås
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS