Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Hallgeir Hove
Førstkomande laurdag kan du også vere med på folkedans! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Langevåg IL, diskgolf
Måndag 12. august kjem nokre av landets beste på frisbeegolf til Kirkebø stadion! fotograf Langevåg IL, diskgolf
Fotograf: Hallgeir Hove
Åge Staurset er klar for å arrangere DJ-kurs over tre kveldar denne veka! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Collage av Elin Parr
Elin Parr hadde stor suksess med fotoprosjektet sist sommar. No kan du vere med på eit nytt supert prosjekt! fotograf Collage av Elin Parr

Barnas Supersommar held fram!

Etter nokre vekers pause, held Barnas Supersommar fram med fleire spanande aktivitetstilbod. Alt i morgon (tysdag 6. august) er det klart for DJ-kurs ved Stordal ungdomsklubb og etterkvart vert det folkedans, frisbeegolf og fotoprosjekt. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.08.2013

Dei to siste vekene i juni var tettpakka med flotte aktivitetstilbod for born og unge. Etter fem vekers pause, held Barnas Supersommar fram med nye kjekk tilbod.

Åge Staurset, ansvarleg for DJ-kurset som vert arrangert denne veka, melder om at det framleis er ledig plass for den som vil vere med. Kurset er frå 8. klasse og oppover. Send e-post til staurz@gmail.com og meld deg på omgåande! (max 10 deltakarar)

Førstkomande laurdag (10. august) inviterer Arna og Ole Magnar Øvrebust m.fl. alle som vil vere med på folkedans til Stordalshallen. (frå 1. klasse og oppover) I pausen vert det servert pizza og dagen vert avslutta med oppvisning ved Stordalstunet.

Måndag 12. august kjem Langevåg IL, diskgolf til Kirkebø stadion for å presentere frisbeegolf. Dette er eit tilbod for alle, uansett alder og vi trur det vert rett så kjekt å få prøve ut denne spanande aktiviteten.

Elin Parr har tidlegare stått bak fotoprosjekt i høve Barnas Supersommar. Dette resulterte m.a. i ei super fotoutstilling som vart presentert i samband med Kulturfestivalen 2012. No er ho klar med eit nytt prosjekt og også her er det påmelding. Send e-post til elin.parr@mimer.no (frå 8. klasse og oppover)

Sjå også eigen reportasje der ein finn programmet i si heilheit. Der finn du også fleire detaljar om dei ulike aktivitetane, korleis du melder deg på o.l. Programmet finn du også som pdf, nedst på sida her. 

I vårt nyhendearkiv finn du fleire reportasjar frå det som alt har vore.

Sjå også vår førehandsreportasje!


   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Trond Alstadsæter
Sansehagen
Trond Alstadsæter
Levert av ACOS AS