Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Elin Parr
Stordal Barnekor - CD 2013 fotograf Elin Parr
Fotograf: Elin Parr
Dei eldste jentene utgjer gruppa Charis fotograf Elin Parr
Fotograf: Elin Parr
Aletheia har også vakse opp med barnekoret fotograf Elin Parr
Fotograf: Tomine Sollid
Ragnhild Fauske leiar Stordal barnekor og må også finne seg i å ta hovudæra for den fantastisk flotte CD´n fotograf Tomine Sollid
Fotograf: Ragnhild Fauske
Robin Aasen driv Playground Studio i Stordal og har lagt ned ein formidabel innsats i samband med CD-prosjektet fotograf Ragnhild Fauske

Stordal barnekor med eigen jule-cd!

Endeleg er ventetida over og vi kan gle oss over å få oppleve Stordal barnekor sin flotte jule-cd! Det er ikkje få timar som ligg bak prosjektet og her er ingen ting er overlete til tilfeldigheitene. At både barnekoret, Aletheia og Charis var flinke til å synge var vi klar over frå før, men no har dei altså gitt ut eigen CD og vi nøler ikkje med å gje den terningkast seks! 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 26.11.2013

Det er sjølvsagt mange som fortjener å bli trekt fram i samband med at barnekoret vårt no også har fått spela inn eigen CD. Både dette og meir om sjølve CD´n kan ein lese i eiga flott pressemelding som er sendt ut i desse dagar. Sjå denne som pdf nedst på sida.

Vi nemner også at det er laga ei eiga flott bildebok om prosjektet, kalla; "Ingrid og barnekoret går i studio". Denne inneheld, i tillegg til dei mange flotte bilda, også korte tekstar om korleis det er å gå i barnekor og synge inn CD. Boka er no på veg frå trykkeriet, og dermed på plass til helga.

Det er på sin plass å gratulere Stordal barnekor med det umåteleg flotte CD-prosjektet og det er nok ikkje feil av oss å trekkje fram ekstra den innsatsen som leiar Ragnhild Fauske har lagt ned, både i samband med innspelinga og sjølvsagt også i forkant av denne.

Betydninga av at Stordal har fått sitt eige lydstudio skal ein heller ikkje gløyme. Robin Aasen, som driv Playground Studio har nok også eit ganske så høgt tal med dugnadstimar i samband med prosjektet, som altså starta opp første veka i sommarferien. Les gjerne meir om Robin Aasen, som nyleg også vart tildelt Stordal kommune sitt kulturstipend.

Vi nemner gjerne også at Odd Johan Overøye, tok turen eins ærend frå Trondheim for å vere med og gje sitt bidrag til CD´n, der ein heil dag gjekk med til innspeling i lag med koret.

Sist men ikkje minst er det eineståande å konstatere at det i ein kommune der born og unge er opptekne med så mykje, faktisk også vert tid til å spele inn ein slik fantastisk flott CD!

Det er berre å ta av seg hatten for alle dei som har vore med og bidratt til det heile og om du skulle vere i det minste tvil; Denne CD´n må du berre høyre! 

GRATULERER OG TUSEN, TUSEN TAKK!

Sjå gjerne også reportasjen vår om prosjektet, frå juni i år. 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Lam som leikar seg i Arnegarden 2
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS