Publisert 24.05.2019
Audun Myskja

Torsdag 13. juni inviterer frivilligsentralen til ope arrangement med lege, forfattar og musikar Audun Myskja i Stordalshallen.

Publisert 24.05.2019
vardefjellet.jpg

Torsdag 23. mai går Vekas tur i Fjord kommune til Vardefjellet i Valldal. Her er det flott utsyn til fjord og fjell, frå Tafjordfjella i aust til Slogen og Sunnmørsalpane i vest. Oppmøte på Klovset kl 1800.

Publisert 24.05.2019
fruktblomstring-pa-linge.jpg

Torsdag 16. mai er det vekas tur att. denne gongen ein rundtur mellom frukttre på Linge. Bli med på tur og nytt høvet til å gjere deg kjent i bygdene i nye Fjord kommune!

Publisert 24.05.2019
Loesetnakken_lightbox_full_screen.jpg

No er vi i gang med Vekas tur i Fjord kommune - og første tur går til Løsetnakken, øvst i Stordal, torsdag 9. mai. Nytt høvet til å gjere deg kjent i bygdene våre.

Torsdag 9. mai kl 1800 går turen til Løsetnakken. Oppmøte og parkering på lunneplassen litt ovanfor for gardane på Løset, øvst i Stordal.

Publisert 23.05.2019
17. mai 2019 - tog Stordal

Det vart ei flott feiring av nasjonaldagen vår, både på Dyrkorn og i Stordal. Det nydelege veret og ein super innsats frå Dyrkorn vel og grenda Hovslia gjer at vi kan sjå tilbake på dagen med stor glede.

Publisert 15.05.2019
Stordal Turlag på tur

I morgon, onsdag 15. mai, er det klart for første tur for Stordal Turlag, når dei legg opp til å besøkje Klebergsætra i Liabygda. Så har dei ei rad flotte turar på programmet sitt framover, heilt fram til slutten av september.

Publisert 14.05.2019
Deltakarar og reiseleiarar - fylkesfestival UKM 2019

Frå fredag 3. t.o.m søndag 5. mai, gjekk årets UKM-fylkesfestival av stabelen i Kristiansund kommune og som alltid - når det er fylkesfestival - med god og flott representasjon frå Stordal.

Publisert 10.05.2019
Stordalscup 2018 - fotballturnering

I skrivande stund er det berre 42 dagar att til folkefesten over alle folkefestar, nemleg Stordalscup. Dette blir den 39. utgåva og sjølv om det er fotballgruppa i Stordal IL som har vore arrangør alle desse åra, er det nok rett å hevde at det er eit heilt lokalsamfunn som er klare til å ta imot, når tusener på tusener besøkjer Stordal denne helga.  

Publisert 08.05.2019
17. mai 2016 - tog på Dyrkorn

Feiringa av 17. mai er eit av årets store høgdepunkt for både store og små og vi kan med rette hevde at markeringane er flotte, også i vår kommune. Både på Dyrkorn og i Stordal er det på ny klart for storstilt feiring og begge stadar fyl ein malen frå tidlegare år.

Publisert 03.05.2019
Sykkeltrim 2019 - Kristin og Sindre melder seg på med Elisabeth og Torunn

Veret har rett som det er innverknad på arrangement på våre kantar. Ser vi på sykkeltrimmen og helselagsbasaren, som vart avvikla med fem dagars mellomrom, hadde det ikkje gjort noko om ein kunne bytte for å seie det sånn. Men trass noko surt ver 1. mai, var oppslutninga imponerande god også denne gongen.

Publisert 30.04.2019
Helselagsbasar 2019 - mykje folk som alltid

Denne helga har vi hatt nok eit handballag frå Aksla IL på besøk, men sjølvsagt var fredagskvelden sett av til helselagsbasar. Dette er ein urokkeleg tradisjon. Første fredag etter påske, er det alltid basar i regi av helselaget. Og for ein tradisjon vi snakkar om her! Tenk at det no har vore arrangert slik basar i 106 år!

Publisert 30.04.2019
Aksla J 10 - april 2019 - Hurra for Aksla J 10!

At det er populært å legge øvingshelgar og treningssamlingar til Stordalshallen er det liten tvil om. Det meste av skulekorps på Sunnmøre har funne ut det og mange idrettslag likeeins. Eit lag som har besøkt oss ekstra mykje den siste tida, er Aksla IL og då spesielt med sine aldersbestemte lag i handball. Denne helga var det J 10 sin tur og etter tilbakemeldingane å dømme vil dei gjerne tilbake, også dei. Kjempestas naturlegvis!

Publisert 26.04.2019
Bedehusbasar, nov 09. Barnekoret på scena

Stordal kommune ynskjer også i 2019 å løyve midlar, som kan stø opp om det frivillige kulturarbeidet. Lag og organisasjonar kan difor søkje på kulturmidlar. Merk søknadsfristen, som også dette året er sett til 1. juni.

Publisert 09.04.2019
Toppturkurs - Øvre Stordal

Vi har lagt bak oss dei tre første månandane av året og det er difor på tide med ei ny oversikt over kulturarrangement vi kan sjå fram til. Mange vil hevde at den tida vi no går inn i, er det finaste også når det kjem til aktivitetar i friluft. Framleis er muligheitene rike for den som ynskjer kome seg ut på ski og for mange lokkar fjorden også ekstra, denne tida. April betyr også seriestart innan fotballen og så er det framleis mykje som skjer, både i Stordalshallen, på frivilligsentralen og elles rundt om i kommunen vår.