Fakta om Stordal

 
  I 2008 var 25% av innbyggarane i Stordal mellom 0 og 17 år, og 5,8% var over 80 år. For heile Norge var desse prosentane 23,0 og 4,6.
  -

Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Publisert 16.10.2017
UKM - logo

Stordal kommune er tildelt neste års UKM fylkesmønstring! Vi blir dermed medarrangør på lik line med Møre og Romsdal musikkråd og det er ikkje til å legge skjul på at vi ser på dette som ei stor ære. I løpet av helga frå den 27. t.o.m den 29. april, vil det bli rett så folksamt her, som ein sikkert skjønar. Berre talet på deltakarar blir fort nærare 400 og i tillegg kjem alt av presse, lyd- og lysfolk, ledsagarar og ikkje minst publikum!

Publisert 16.10.2017
Breidablikfesten 28. oktober 2017 - øving 15. oktober

Kjell Nilsen og Johan Vinje har hatt nokre hektiske dagar i telefonen, etter at det vart opna opp for påmelding til Breidablikfesten. Det er altså på laurdag den 28. oktober det skal skje og med berre to dagar att til påmeldingsfristen går ut no vert det nok ikkje mindre hektisk for dei to. Det er nemleg anten ved å ringe dei, eller sende ein SMS, ein melder seg på til denne festen. 

Publisert 10.10.2017
Det kongelige kulturdepartementet

Kulturdepartementet lanserte den 2. oktober nytt fagsystem, nye nettsider og søknadsskjema for tilskotsordningane til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Målet er naturlegvis m.a. å oppnå eit forbetring og forenkling i høve til det gamle.  

Publisert 09.10.2017
Breidablikfesten 28. oktober 2017 - plakat

Det er i skrivande stund 19 dagar til Breidablikfesten 28. oktober 2017 og arrangørane melder om god respons frå såvel bygdafolk som andre. Det er tydeleg at det er mange som vil ha med seg denne festen, der det er ærverdige Breidablik og Stordal Ungdomslag, som skal stå i fokus. 

Publisert 09.10.2017
Naturspion 2017 - vinnarar

I høve «Barnas supersommar» kunne ein i haust vere naturspion. Langs vegen til Stikk UT-måla Kokarsteinen, Elvaforbygninga og Grigås natursti kunne ein finne ting som ikkje høyrer til i naturen. Tinga låg på same plassane nokre dagar, for så å verte bytta ut med jamne mellomrom. Fann ein alt, kunne ein få 17 poeng. No kan vi altså presentere dei dugande vinnarane.

Publisert 09.10.2017
Stordalshelga i langrenn 10-årsjubileum 2017

Stordalshelga i langrenn vart arrangert for 10. året på rad, denne helga. På programmet stod, ikkje mindre enn fem treningsøkter, der det både var styrke og koordinasjon i Stordalshallen, samt barmark og rulleski i nærområdet rundt. På søndagen var det som vanleg tid for konkurransar. I tillegg til alt dette, fekk deltakarane også tilbod om klatring og bading.

Publisert 03.10.2017
Forside, historisk hefte nr 5 - Martin R Moe

I november - for fem år sidan - kunne vi med glede opplyse om at også eit fjerde historisk hefte var klart for sal. Serien hadde som kjent fått tittelen: He du haurt det før?" og det var brødrene Karl Elias og Martin R Moe, som stod bak. Heftet som kom ut i 2012, måtte Martin fullføre åleine, då broren dessverre gjekk bort. Men no er Martin klar med ei femte utgåve i serien, noko vi naturlegvis er særs takksame for.

 

Publisert 02.10.2017
Juleshow med Maria, BOB og BVV 2017 - plakat

Vi har lagt bak oss nok ein periode full av høgdepunkt og flotte arrangement. No ser vi nye tre månader framover og dermed også ut året 2017. Vi kan i høgste grad konstatere at det er endå meir å gle seg til.

Publisert 20.09.2017
Breidablikfesten 28. oktober 2017 - arrangørane

Det har ei tid blitt arbeidd med underhaldningsprosjektet "Breidablikfesten", som har til føremål å vekkje til live minne om aktivitetar og hendingar på det ærverdige ungdomshuset vårt på Øvrebust og lagsarbeidet til Stordal Ungdomslag (1893 – 1989).

Ein vil prøve å få fram stemningar og glimt av historia knytt til ungdomshuset. I programdelen vert det gjensyn med fleire av dei som stod på scena og dreiv lagsarbeidet siste tiåra av Breidablik-epoken. Det vert elles matservering og sjølvsagt dans etterpå. Det er berre å sette av datoen: Her ligg alt til rette for ein skikkeleg mimrekveld. 

Publisert 30.08.2017
Stordalssamlinga 2016

Det skjer mykje flott i Stordalshallen kvart år og noko av det flottaste, må ein i høgste grad seie at denne store samlinga til langrennsgruppa er. Deltakarane, som er i alderen 11 til 16 år, kjem frå heile fylket og det er ikkje uvanleg at dei tel både 70 og 80. Ja, faktisk har ein hatt deltakarar også utanfor fylkesgrensene. Det som er ekstra stas denne gongen, er det naturlegvis at samlinga vert arrangert for 10. året på rad og som vanleg er det første helga i haustferien det skjer.  

Publisert 23.08.2017
Jenny Marita Sørås

Stordal kommune kan kvart år dele ut kulturstipend til einskildpersonar - born/ungdom frå Stordal kommune, i alderen 12 - 25 år. Tildeling kan skje til den som har eit særskilt talent, syner god kvalitativ utvikling og legg ned stor innsats for å utvikle sin dugleik innan ein sektor av eit vidt definert kulturomgrep. Fristen for å kome med innspel, er sett til den 1. november. 

Publisert 23.08.2017
Ragnhild Fauske

Stordal kommune har vedteke at det kan delast ut kulturpris annakvart år. Prisen vart sist delt ut i 2015 og dermed ynskjer ein no innspel på kandidat/kandidatar til Stordal kommune sin kulturpris for 2017.

 

 

 

 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Frå Geitabottstinden
Frå Geitabottstinden
Levert av ACOS AS