Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Hallgeir Hove
Først stopp på vandringa var ved garden Talberg, der vi fekk høyre mykje interessant historie frå Bjørg Moltu og der ordføraren framførte dikt fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det vart ei ganske så lang rekkje med folk, når biblioteket inviterte til stubbevandring fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Nathalie De Wrieze trylla fram vakre tonar frå si tussefløyte fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Turfylgje vart invitert heilt inn på tunet på Nakken, og der fortalde Charles og Nelly Tøsse litt om historia til garden fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Bjørg mottok vel fortent applaus, for det flotte opplegget ho hadde laga til fotograf Hallgeir Hove

Mange deltok på stubbediktvandring

Søndag 10. august arrangerte Stordal bibliotek Stubbediktet, og heile 43 personar deltok på denne litterære vandringa på kjerrevegen frå Talberg til Nakken. Denne turen var også Stordal kommune si gåve i samband med at friluftsrådet utfordra ordførarane i medlemskommunane til å ha ein ordførarens tur som gåve i høve friluftsrådet sitt 40 års-jubileum. Undervegs vart det deklamert dikt og vakre tussefløytetonar.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 12.08.2014

Det var Stordal bibliotek som var sett som møteplass i forkant og etter å ha fordelt seg i bilane, gjekk turen fram til vegen der ein tek av til garden Talberg. Turleiarar og fylgje vart der møtt av ein bøling med Skotsk høglandsfe, men desse hadde ikkje stubbediktvandring på dagsorden, så dei rusla seg av garde den andre vegen.

Inne på tunet på Talberg fortalte biblioteksjefen litt om garden, og vi fekk mellom anna høyre om bjørnejakt og jordskred. Ein fekk også høyre om Ole Elias Nilsen Gjerde som budde på Ole Elias-plassen, og som i si tid hadde besøk av folkemusikkinnsamlar Catharinus Elling. Biblioteksjefen las eit muntert lite vers som Ole Elias framførte for innsamlar Elling. Ordførar Charles Tøsse las tre dikt av Oskar Leonard Talberg, som budde i Utigarden på Talberg. Laurdag vart Charles Tøsse oppringt av Knut Hove som hadde denne kulturskatten i heimen.

Ordførar Charles Tøsse endra straks sin strategi over kva dikt han skulle lese, og las desse dikta av Oskar Leonard Talberg som stod i ungdomsbladet «Fram» på 1920-talet : «Vår», «Stordal», «Stordalsvise». Charles Tøsse fortalde elles litt om ulik plassar vi gjekk forbi undervegs.

Med på turen var også rådmann Lars Joranger som med stort engasjement las «Slipesteinen» av Jakob Sande, og «Du lever», «Hold sinnet ditt mjukt», og «Lykka» av Hans Børli. Denne forfattaren er kjent for sine naturskildringar og vert ofte omtala som «skogens diktar». Lars Joranger las også «Stunda» av Hans Ludvig Fredheim. Biblioteksjef Bjørg Moltu las også eit dikt av Eidskogforfattaren Hans Børli: «Junikveld»

Varaordførar Eva Hove gav oss også ord til ettertanke med dikt av Olav H. Hauge: «Det er den draumen», «Kor lenge har du sove?» og «Din veg». Ho hadde også leita fram «Den annsame» av Jan-Magnus Bruheim.

Knut Hove ville nøyte høve når han hadde både ordførar, varaordførar og rådmann med seg på tur. Han las «Perspektiv», ei vise av ein lokal, ukjent forfattar, som handla om då Stordal kommune vart med i storkommunen Ørskog. Hove understreka at det ikkje var forfattaren sjølv som las.

Kjersti Ruset Hjelle formidla diktet «Den vesle jenta og folungen» av Jakob Sande. Dette diktet har fylgt henne sidan ho var lita, og ein kunne nærast sjå Kjersti som lita jente, då ho formidla dette vakre diktet. Kjersti Ruset Hjelle las også «Du skal itte trø i graset» av Einar Skjæråsen, og sjølvsagt måtte ho lese eit dikt av onkelen sin, Arne Ruset. Ho valde det kloke, underfundige diktet «Vi kan ikkje eige kvarande».

Vi veit ikkje om ein i tidlegare tider kunne høyre tussefløytetonar frå den grøne lia mellom gardane Talberg og Nakken, men på denne vandringa var det nederlandske Nathalie De Wrieze som trylla fram vakre tonar frå si tussefløyte. Nathalie De Wrieze hadde leita fram 3 tonar frå Jøssvollsamlinga: «Sætervise», «Slåttevise» og «Gammel Brudemarsj». Det er mesta magisk å lytte til tussefløytetonar i skogen.

Turfylgje vart invitert heilt inn på tunet på Nakken, og der fortalde Charles og Nelly Tøsse litt om historia til garden.

Stordal bibliotek rettar ei stor takk til alle som var med å bidra med tekst og tonar, og rettar ei takk takk også til grunneigarane. Dei frammøtte fekk annleis og unik oppleving i vakker Stordalsnatur.

Søndag 24. august vert det stubbediktvandring i Seljebotn, og i tillegg til dikt og tonar, kan vi love spanande bjørnehistorier.

(om nokon skulle vere i tvil, er det biblioteksjef Bjørg Moltu, som også har lage denne flotte oppsumeringa i etterkant av vandringa/turen)

For endå fleire bilder frå den flotte dagen, viser vi til eige galleri på Stordal Bibliotek si facebookside.

Sjå også førehandsomtalen opplegget fekk på Sunnmørsposten si nettside, i form av eit fint intervju med ordførar Charles Tøsse (inkl. fleire flotte bilder)

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Ytste-Skotet
Ytste-Skotet
Levert av ACOS AS