Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Velkommen til Stordal!

Plakat frivilligdag
Plakat frivilligdag

Torsdag 26. mars inviterer Stordal kommune alle innbyggjarar til frivilligdag og bli kjent med Stordal! Invitasjonen går spesielt til nyinnflytta stordalingar.

Publisert av Bjørg Jacobsen. Sist endret 25.03.2015

Arrangementet går av stabelen torsdag 26. mars i Stordalshallen frå kl 17.00-19.00. Det vil bli sendt ut flygeblad til alle husstandar (PDF, 368 kB). Kjenner du andre som har flytta hit som bør få med seg dette, er det viktig at du tar dei med! 
På denne dagen ønskjer vi å vise kor mykje den lille kommunen vår har å by på, samtidig som lag og organisasjonar kan presentere seg og vise kva dei kan tilby. I tillegg til at ein blir kjent med kommunen, er det ei unik muligheit for lag og organisasjonar til å knytte kontaktar og skaffe nye medlemmar. 

I Stordal har vi over 50 lag og organisasjonar, som består av grupper og enkeltpersonar som igjen legg ned ein enorm dugnadsinnsats for lokalsamfunnet. Samla sett bidreg dette til at aktivitetsnivået er særs høgt og at tilboda er mange. Dette vil vi at alle innbyggjarane i kommunen skal få ta del i, så vi ønskjer alle som vil, velkommen til dette arrangementet.

Det vil bli servering av brennsnut med tilbehør! 

Arrangementet er gratis og åpent for alle! 

Alle lag og foreningar i kommunen har fått invitasjon om å delta og vi håper at mange vil nytte nytte denne muligheita til å marknadsføre eigen organisasjon. Lag og organisasjonar som vil delta med eigen stand bes ta kontakt med leiar av Stordal frivilligsentral, Bjørg Jacobsen, på e-post: bjorg.jacobsen@stordal.kommune.no

Den internasjonale frivilligdagen vert markert over heile verden den 5. desember kvart år. Her i Stordal markerte vi denne dagen i 2013. I år ville vi ha markeringa på eit anna tidspunkt, i tillegg til at vi spesielt vi ha fokus på alle dei nye innbyggjarane i kommunen.


   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Sentrum
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS