Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Nasjonalt legevaktnummer 116117

Fotograf: .
Legevaktnummer 116117 fotograf .

Alle kommunar i Noreg har ei legevaktordning for øyeblikkeleg helsehjelp heile døgnet.
Frå 1.september 2015 ringer du 116117 når du skal kontakte legevakta. Du kjem då til legevakt-sentralen i området der du oppheld deg.
Er det akutt og står om liv, ring 113.


Publisert av Randi Holmen Vestre. Sist endret 31.08.2015
Fotograf: .
Legevakt nytt nummer frå 1.sept.15 fotograf .

Når du treng legehjelp: Kven skal du ringe?  
Fastlegen eller fastlegekontoret du høyrer til er din hovudkontakt innan helsetenesta. Dersom det er mogleg, bør du alltid ringe fastlegen din først. 

Fastlegen kan også gi hjelp raskt.
Dersom du treng hjelp på dagtid, skal du først ringe fastlegen eller fastlegekontoret du høyrer til. Fastlegen vurderer kor mykje det hastar, og kan vanlegvis gi deg ein time same dag dersom situasjonen krev det. Du skal alltid kontakte fastlegen når det gjeld sjukemelding, fornying av resept og varige og kjende plager utan akutt forverring. 

Kva kan legevakta gjere for deg?

Når du ringer det sekssifra nummeret 116117, kjem du i kontakt med legevaktsentralen i området der du oppheld deg, dvs. Ålesund. Legevakta skal tilby hjelp til det som ikkje kan vente når fastlegekontoret ditt er stengt. Legevakta skal også hjelpe deg når du ikkje er i nærleiken av fastlegen din, for eksempel på ferie eller reise. Dersom du trur det er akutt og står om liv, ringer du medisinsk nødhjelp 113.

Legevakta i Noreg er ulikt organisert. I alle kommunar skal det alltid vere minst ein lege på vakt. Når du brukar legevakttenester, skal du betale ein eigenandel.

Dei fleste stader i landet er det forventa at du ringer legevaktsentralen for vurdering for gjere avtale om oppmøte. Ofte kan gode råd på telefon vere nok.

Når du kjem til legevakta, må du alltid ta kontakt med personalet, slik at dei kan gjere ei rask vurdering av kor mykje det hastar. Dersom du må vente, er det fordi andre treng hjelp raskare. For å kunne hjelpe deg på best mogleg måte, treng legevakta opplysingar om personalia, adresse, kvifor du tek kontakt, tidlegare sjukdomar, og kva medisin du nyttar.

Eksempel på tilstandar det kan vere fornuftig å ta kontakt med legevakta om: 

  • Høg feber – særleg hos barn
  • Moderate pustevanskar
  • Akutt sjukdom eller alvorleg forverring
  • Slapt og medteke barn eller tilsvarande symptom hos vaksne.
  • Alvorleg psykisk sjukdom
  • Mistanke om komplikasjonar i svangerskap
  • Kuttskadar som må syast
  • Mistanke om brot

Slik kjem du i kontakt med legevakta:

  • Ring det sekssifra nummeret 116117 eller det lokale legevaktnummeret. Du får svar på begge døgnet rundt ved legevaktsentralen.
  • Må du kontakte legevakta ein annan stad i landet enn der du oppheld deg, kan du bruke det lokale nummeret. Sjekk kommunen si nettside eller nummeropplysningstenestene.

Når skal du ringe 113:

Ved ulykker og alvorlege hendingar der du treng akutt helsehjelp, skal du ringe 113.
Har du eitt av desse symptoma skal du alltid kontakte medisinsk nødhjelp 113:

  • Nye lammelsar i ansikt, arm eller underekstremitet
  • Nytilkomne språkforstyrringar, finn ikkje ord eller utydeleg tale
  • Uforklarleg og plutseleg ustø
  • Om ein person er medvitslaus eller har nedsett medvit
  • Brystsmerter i meir enn fem minutt
  • Bruk av hjertemedisinen nitroglyserin gjev mindre effekt enn til vanleg
  • Uventa ubehag i brystet, generell uvel og kvalme
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

vår på smitaket
vår på smitaket
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS