Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Sogenemnda presenterer unikt intervjuprosjekt!

Sogenemnda i Stordal kommune kan no presentere den unike serien med 14 intervju, der eldre i Stordal kommune ser attende på opplevingar dei har vore med på gjennom eit langt liv. Vi får høyre meir om både ungdomslaget, om hornmusikken, om oppvekst på Stordalsholmen, om tilflytting nordfrå, om møbelindustri og mykje, mykje anna. I denne reportasjen finn du lenker til alle intervjuva!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 02.09.2015
Fotograf: Hallgeir Hove
Sogenemnda i Stordal kommune, presenterer unikt intervjuprosjekt fotograf Hallgeir Hove

Vi har fortalt om dette spanande og omfattande prosjektet, som sogenemnda tok fatt på for eit par år sidan, i tidlegare reportasje.

Eit viktig mål med prosjektet var naturlegvis å få samla inn - og teke vare på - mykje av all den kunnskapen våre eldre sit inne med. På dette viset kan dei også dele med oss - og ikkje minst våre etterkomarar - dei mange gode historiene. Samtalane som vert presentert i desse 14 intervjuva, gir oss mellom anna eit innblikk i korleis det var å vekse opp på ein fjellgard på Overøye, på Stordalsholmen og på Dyrkorn, vi får høyre om muntre minner frå fotballen, om korleis dagleglivet var for kvinnene og mykje meir.

Noko ein også måtte ta stilling til, i forkant av eit slikt prosjekt, var om ein skulle velje berre lydopptak og ikkje film. Når ein gjekk for begge deler, medførte dette naturlegvis at det vart både meir omfattande og meir kostbart. I tillegg er det også slik at det sjølvsagt er uvant for dei fleste både å skulle sitje framfor eit kamera og vere intervjuvar og det å skulle late seg intervjuve på dette viset. Men også her vel vi å tru at sogenmenda valgte rett, då det er blitt nokre særs flotte opptak dette her.  

Medlemmane i sogenemnda var vidare sjølvsagt klar over at det ikkje ville late seg gjere å femne om alt i eit slikt prosjekt og at det slik sett også heilt sikkert vil vere fleire enn dei som er blitt intervjuva, som burde blitt det. Men dette stoppa heldigvis ikkje dei engasjerte medlemmane i nemnda og difor kan vi alle no gle oss over at vi har denne serien med 14 unike intervju. Så kan vi kanskje håpe på at det let seg gjere å føre vidare dette arbeidet. Politikarane i Stordal kommune har iallefall vist stor vilje til å støtte opp om prosjektet, gjennom løyvingar både i 2013 og i 2014.

Som nemt i tidlegare reportasje var Robin Aasen ved (tidl.) Playground Studio og Chris-Håvard Berge ved CHB-studios dei som sytte for lyd og bilde. Fleire stordalingar har stilt opp og vore med som samtalepartnarar, i tillegg til medlemmar frå sogenemnda, og det er naturlegvis på sin plass å rette ei stor takk til dei og. Sist, men ikkje minst, ei ekstra stor takk til alle dei som ville dele med oss andre, mykje av alt det dei har opplevd opp gjennom livet sitt.   

Når det har teke litt tid frå dei siste intervjuva var ferdige, skuldast dette både at det å redigere så mykje råmateriale er tidkrevjande. Men det skal også seiast at ein har vore noko usikker på kva som er den best eigna måten å få desse filmane - som gjerne er på både 60 minutt og meir - presenterte for publikum på. Når ein enda opp med løysinga, der ein legg alt saman ut på nettet, og ikkje t.d. produserer eigne DVDár, skuldast dette først og fremst dette med pris. Ein var inne på tanken av at ein kunne selje desse DVDáne og dermed få inn pengar som kunne bidra til at nye prosjekt kunne igongsetjast, men kostnadane ville altså bli alt for store. Publikum kan difor gle seg over at alt saman no er tilgjengeleg og det utan at det kostar ei einaste krone! Noko anna positivt med denne måten å presentere opptaka på, er sjølvsagt at endå fleire vil kome til å få glede av desse unike samtalane enn det det ville vore om ein måtte kjøpe ein slik "samle-DVD".      

Med dette er det ei stor ære og glede og få presentere lenkene til desse 14 unike intervjuva:

1 Tidt vi minnast - Børtomfjordingane 
Jenny Nygaren og Einar Vidhammer i samtale med Eva Hove

2 Tidt vi minnast - Eit liv i og med møbelindustrien
Karl Johan J Nygård i samtale med Knut Hove

3 Tidt vi minnast - Transport på sjø og land
Johan Vinje og Knut Vinje i samtale med Knut Hove

4 Tidt vi minnast - Muntre minner frå fotballen
Kåre P Hove og Petter A Busengdal i samtale med Hallgeir Hove
  
5 Tidt vi minnast - Helgelendingane kjem
Jon Haraldsvik, John Hjelmseth og Paul Arnes i samtale med Per Kjartan Remme

6 Tidt vi minnast - Kommunal historie
Kristian Almås og Knut Hove i samtale

7 Tidt vi minnast - 110 år i Stordal Hornmusikklag
Petter H Busengdal og Leif Arne Dybdal i samtale med Knut Hove

8 Tidt vi minnast - Glimt frå Stordal Frilynde Ungdomslag si historie
Ottar Storheim i samtale med Knut Hove

9 Tidt vi minnast - Lovise og Margit minnast oppvekst og arbeidsliv
Lovise Aarflot og Margit Talberg i samtale med Ragnhild Flåen

10 Tidt vi minnast - Tilbakeblikk på eit innhaldsrikt liv
John Peder Hove i samtale med Knut Hove

11 Tidt vi minnast - Livet på ein fjellgard
Alf Overøye i samtale med John Helge Larsen

12 Tidt vi minnast - Stordalsholmen - minner frå oppvekst og arbeidsliv
Bodil Holmen, Inger Osvik og Ivar Holmen i samtale med Knut Hove

13 Tidt vi minnast - Dyrkorn
John Indresæter i samtale med Ragnhild Flåen
 
14 Tidt vi minnast - Utvikling innan gardsdrift
Peder Emil Hove i samtale med Knut Hove

Stor takk til Stordal sogenemnd og alle andre som var med på dette unike prosjektet! 

 
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Lam som leikar seg i Arnegarden 2
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS