Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Hallgeir Hove
Klart for den 36. utgåva av Stordalscup! fotograf Hallgeir Hove
Hulbækmo & Jacobsen familieorkester
Kyrkjehola Kulturbeite byr m.a. på: Hulbækmo & Jacobsen familieorkester
Fotograf: Bjørnar Midtbust
Det blir ny Stubbediktvandring også denne hausten. Her frå turen til Jøsvollbotnen i fjor fotograf Bjørnar Midtbust
Fotograf: Hallgeir Hove
Vi kan også sjå fram til Langsæterdagane 27. og 28. august! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ny eventyrleg vandring i Grigås natursti vert det og! fotograf Hallgeir Hove

Ny kulturkalender klar!

Når vi no også er i ferd med å legge juni månad bak oss, er det på sin plass å presentere ein ny kulturkalender. Denne tek føre seg nye tre månader og som vanleg er det mykje flott som står på programmet.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 30.06.2016

Det første vi får vere med på, er Stordalscup 2016. Dette er den 36. utgåva av dette arrangementet, som for lengst har utvikla seg til å bli den reine folkefesten. Det startar opp med Barnas cupfredag i morgon og så går det slag i slag, heile helga.

Det er elles umåteleg kjekt å kunne meddele at Kyrkjehola Kulturbeite har fleire flotte arrangement å by på denne sommaren, etter at dei tok ein liten pause i 2015.

Denne hausten er det også klart for Langsæterdagane att! Det er Stordal Sogelag som har regien også denne gongen.

1. september bør bli ein rett så kjekk dag for dei aller minste, når det er klart for ei ny utgåve av "Barnas tur i eventyrland" i Grigås natursti. (Sjå gjerne reportasjen frå i fjor)

I kalenderen finn ein mykje meir også sjølvsagt, m.a. Open Dag i regi av Øvre Stordal Vel, det er fleire museumssøndagar på Ytste Skotet, Stubbediktvandring, Fjøredag i hamna, ei rad spanande turar i regi av Stordal Turlag og mykje anna kjekt.

Sjå kulturkalender nr 3 2016, som pdf, nedst på sida!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

DSC00914.JPG
DSC00914.JPG
Levert av ACOS AS