Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Eva Hove
Den nye turvegen mellom Overøye og Almås er klar for opning fotograf Eva Hove
Fotograf: Eva Hove
Vi tek også med eit idyllisk bilde frå området der turvegen ligg. Ein ser Langsætrane med Dyrdalstinden, Fokhaugtinden og andre majestetiske fjell i bakgrunnen fotograf Eva Hove

Opning av turveg mellom Overøye og Almås

Søndag 28. august skal det vere offisiell opning av den nye turvegen mellom Overøye og Almås. Det er Stordal kommune - i samarbeid med Stordal Fjellservice (SIL)- som inviterer.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 23.08.2016

Då Stordal kommune for ei tid tilbake bestemte seg for å bygge ut vatn og avlaupsanlegg i heile det populære hytte - og friluftsområdet i øvre Stordal, kom Stordal Fjellservice/Stordal IL med den gode ideen å bygge ein turveg langs VA-traseen mellom Overøye og Almås.

Kommunen står som formell byggherre og har også fått godkjent søknad om spelemidlar til anlegget. Sparebanken Møre har bidratt vesentleg – i tillegg til at RDA- midlar er blitt nytta. Resultatet er ein flott turveg som bidrar til å gjere området meir tilgjengeleg og gi eit meir variert tilbod til alle grupper som likar å opphalde seg der. Vinterstid er turvegen eit perfekt underlag for Stordal Fjellservice si løypelegging.

Stordal kommune - i samarbeid med Stordal Fjellservice (SIL) - inviterer til offisiell opning av turvegen. Opninga vert markert med ein marsj langs turvegen frå Overøye til Ålmås. Turmarsjen startar ved parkeringsplassen på Overøye kl 1530. På vegen er det lagt opp til nokre stopp der turgåarane kan svare på spørsmål. Ved Hau Pe - brua vert den offisielle opninga markert og der vil og premievinnarar frå turmarsjen bli trekte.

Stordal kommune ønskjer alle vel møtt til opning av turvegen. Dette arrangementet kjem rett i etterkant av at Stordal Sogelag har gjennomført Langsæterdagane og kan såleis vere ei flott avslutning på ei innhaldsrik helg i dette fine området.

Sjå gjerne også reportasje frå opninga av turvegen mellom Overøye og Langsætrane. Også i det prosjektet var Stordal IL/Stordal Fjellservice sentral. Då er vi attende til januar 2013 og turvegen som er komen på plass no, knyter seg til den første.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Kvitlane 16.mai 2009
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS