Nasjonal pårørandeundersøking

Parorendealliansen.png - Klikk for stort bilde Det fins over 800 000 pårørande i Noreg. Dei tek vare på foreldre, barnet sitt, søsken eller andre. Likevel er det sjeldan at pårørande vert spurt "korleis har du det eigentleg" ? Eller "Korleis kan vi gjere kvardagen din lettare"?

Pårørandealliansen i Noreg gjennomfører no ei stor spørjeundersøking og målet er å få mange pårørande til å leggje igjen sitt svar.

Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 18.01.2018

Om lag 800 000 nordmenn er til ei kvar tid i ein pårørandesituasjon.

Regjeringa har sett i gang eit arbeid med å utarbeide ein Nasjonal pårørandestrategi, og ynskjer innspel til denne mellom anna gjennom svar på pårørandeundersøkinga. Det er Pårørandealliansen som gjennomfører undersøkinga i samarbeid med helsedirektoratet.

Undersøkinga finn du her: https://no.surveymonkey.com/r/QQ2QWPN  (den er open fram til 1. mars)

Det tek om lag 6-8 minutt å svare.

Info om Pårørandealliansen