Snart klart for lokalmønstringa av UKM!

UKM Stordal og Norddal - påmelding - Klikk for stort bildeUKM Stordal og Norddal - påmelding

Søndag 18. februar er det klart for ei ny, flott lokalmønstring av UKM i Stordalshallen. Som tidlegare år, er det 10. klasse ved Stordal skule, som har teke på seg oppdraget med å stå som arrangør. I år kan vi gle oss over at også deltakarne frå våre gode naboar i Norddal kommune, deltek her. Det er sett ein frist for påmelding til søndag den 11. februar og vi oppmodar naturlegvis born og unge i begge dei flotte kommunane våra til å melde seg på. Dette skal bli kjempekjekt!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 01.02.2018

UKM 2018 - lokalmønstringa. 10. klasse er klare! - Klikk for stort bildeUKM 2018 - lokalmønstringa. 10. klasse er klare! Hallgeir Hove

For mykje, mykje meir om lokalmønstringane av UKM, om deltakarar som har gått vidare til både fylkesmønstring og landsmønstring, og sjølvsagt mykje anna flott, viser vi til ei rad tidlegare reportasjar. Eitt og anna bildegalleriet vil du også kome til.

Arrangørane i 10. klasse ved Stordal skule, har oppretta ei eiga facebookside det kan vere smart å fylje med på

På UKM si nettside finn du sjølvsagt endå meir

Har du elles fått med deg kvar fylkesmønstringa skal arrangerast, siste helga i april i år? Jau, det er i Stordal det!