Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Stikk UT Ski er i gong folkens!

Stikk UT! Ski - Storvasshytta - Klikk for stort bildeStikk UT! Ski - Storvasshytta Hallgeir Hove

Stikk UT! er blitt ein stor suksess med ei enorm oppslutning rundt om i heile fylket vårt. Nytt no, er det også at ein satsar på ei vinterutgåve av denne Landets beste turtrim! Her i Stordal er to kasser plasserte ut og rundt om i fylket finn du nærare 30 andre turmål. Så no er det på tide å leite fram skia!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 18.12.2018

Stikk UT! Ski - Storvasshytta - Klikk for stort bildeStikk UT! Ski - Storvasshytta Hallgeir Hove

Stikk Ut postane er lagt til tradisjonelle skiløyper - i gode oppkjøyrde spor og der det ikkje skal vere nokon rasfare. Det er ikkje lagt opp til Stikk Ut ski-postar utanfor oppkøyrde spor denne vinteren. Turmål på fjelltoppar o.l. får vi evt. sjå på til neste vinter. Alle løypene vil bli merka med eit skilt ved start og et skilt ved turmålet, og enkelte løyper har også retningsskilt undervegs.

Her i Stordal er det langrennsgruppa i samarbeid med Stordal Fjellservice, som har plassert ut kassene og den eine finn du ved Fokhaugstova, noko som er ein fin og ikkje alt for lang tur som skulle passe for dei fleste. For dei som vil gå endå lengre, kan kassa ved Storvasshytta vere eit godt alternativ.

Ved turmålet finn du ei turkasse med bok og kode. Stikk UT! Ski er lagt opp på same måte som Stikk UT! på sommerstid, med tanke på registrering. Perioden for registrering er frå 15. desember til 2. påskedag, men på grunn av snømangel og andre forhold kan det være at enkelte løyper ikkje er opne frå starten av. Dette vert oppdatert fortløpande på www.stikkut.no eller for Stordal sin del også på Skisporet.no. Når eit turmål har status som «ikke åpnet» vil det ikkje vere mulig å registrere koden. 

Om du er ny Stikk UT! brukar, må du registrere deg på stikkut.no. På kvart turmål finn du ein kode som du registrerer inne på brukarprofilen din. Er du alt Stikk UT!-bruker, kan du bruke den samme brukerprofilen som du har frå før.

Då er det berre å seie god tur og god konkurranse!

Besøk gjerne heimesida til Sunnmøre Friluftsråd og få med deg alt det flotte dei utrettar for medlemskommunanen sine!  

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Utsikt frå Mosætra
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS