Og vi som trudde det ikkje var mulig å overgå jubileumsåret 2017!

Larsgården Skolekorps okt 2018 fellesbilde.jpg - Klikk for stort bildeLarsgården Skolekorps okt 2018 fellesbilde.jpg

I 2017 feira vi at det var gått 20 år sidan Stordalshallen stod ferdig. Det var ikkje reint lite fokus på dette, med mange flotte markeringar, ikkje minst den suverene jubileumsfesten den 25. februar. Mange flotte reportasjar i media vart det og. Men når vi no er i ferd med å legge året 2018 bak oss, kan vi faktisk våge oss til å hevde at dette året har vore minst like eventyrleg.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 20.12.2018

fylkesfestival_ukm_i_stordal_2018_1.jpg - Klikk for stort bildefylkesfestival_ukm_i_stordal_2018_1.jpg Aksla J 13 3.jpg - Klikk for stort bildeAksla J 13 3.jpg Stordal IL 100 år - jubileumsfest 20. oktober 2018 - Klikk for stort bildeStordal IL 100 år - jubileumsfest 20. oktober 2018 Hallgeir Hove Stordalscup 2018 - Maria på scena fredagskvelden.jpg - Klikk for stort bildeStordalscup 2018 - Maria på scena fredagskvelden.jpg

Noko av det som for mange var mest imponerande dette året, var at Stordal var peika ut til å stå som arrangør av Fylkesfestivalen av UKM. Ikkje berre det at vi var peika ut naturlegvis, men rett og slett måten vi som lokalsamfunn løyste denne omfattande oppgåva på, var berre heilt fantastisk bra. Ein imponerande innsats av mange, der alle sa ja til å bidra, kvar på sitt vis, var naturlegvis hovudgrunnen til dette og at Stordalshallen var arena for alt det som skjedde frå scena, var stort. 

Men for alle som har ein viss kjennskap til det som skjer ved Stordalshallen i løpet av eit år, så veit ein at det eine flotte arrangementet avløyser det andre og er det ikkje arrangment, er det gjerne besøk anten det no er skulekorps, handballag, skuleklasser eller anna. Slik har det vore også i 2018 og det utan at vi har behøvd å annonsere i det heile. Dei mange gruppene som besøkjer oss, kjem stort sett att kvart år og i tillegg ryktast det fort kor kjekt det er å besøkje nettopp Stordalshallen. Så når vi vert kontakta startar det som regel slik: "Eg høyrer det skal vere så kjekt å besøkje Stordalshallen... " Her skundar vi oss også å trekkje fram den fantastiske innsatsen til dei som stiller på som instruktørar (klatrevegg, skytebane og trampoline) under mange av desse besøka.

Om vi ser på 2019, så held det fram på same viset. Her er ei kjapp oversikt over noko av det som skjer dei elleve første helgane i det nye året:

1)  Ørskog Angels
2)  Nyttårs-kick off (Fjord kommune) + Treningshelg for FK Fortuna!
3)  Basar Stordal Hornmusikklag
4)  Årsfest for Stordal Folkedanslag
5)  Øvingshelg Ulsteinvik Skulekorps
6)  Treningshelg Storfjord Taekwon do
7)  Lokalmønstring av UKM
8)  Årsfest for Stordalshallen
9)  Øvingshelg for Hatlane Skolekorps
10) Sunnmørsringen (Folkedanshelg)
11) Treningssamling Aksla J 11 (evt ei seinare helg)

...alt dette altså før vi er i gong med april månad! 
...dette kjem då i tillegg til alt det som skjer kvar einaste dag, elles i veka.
...då er det kanskje ikkje så rart at det er;

Stadig like populært å vere med på vinnarlaget vårt!

Heilt sidan 2009, har vi i røynda heller ikkje hatt plass til fleire reklameskilt på veggane i Stordalshallen. Når vi passerte 100 samarbeidspartnarar har det rett og slett vore fullt. Slik har situasjonen vore sidan den gongen og slikt er naturlegvis veldig stas. Når vi les tilbakemeldingar vi får inn, er også desse med på å stadfeste det same, nemleg at våre samarbeidspartnarar er veldig fornøgde med oss. Her er nokre døme:

«Det er virkelig imponerende det arbeidet du/dere legger ned i hallen for brukere og deres samarbeidspartnere. Jeg setter virkelig pris på det du gjør og jeg føler at det å samarbeide med dere er noe av det beste vi er med på, siden vi blir så god informert om bruken av hallen og ivaretatt gjennom ditt arbeid. Og det gleder meg veldig at brukerne av hallen gir dere så gode tilbakemeldinger og kommer tilbake gang etter gang. Et bedre kvalitetsstempel en det kan man ikke få.» (Christian Kvarnes – Salgs – og markedsansvarleg Boen Sport.)

«Vi kjører på videre med samarbeidet hos dere! Så lenge DU er der, er det ikke noe valg 😉 jeg må nok en gang få sagt! Du imponerer!» (Tore Lunde – varehussjef Elkjøp i Breivika)

«Hei    Har egentlig bare en ting å si, - du og dokke er fenomenale 😊    Vh Harald»  

"Takk for fremragende markedsføring, ja dette er helt unikt det du får til her. Sponsorene kommer i særklasse og får svært mye igjen for å være med."

"Vi setter stor pris på å ha en samarbeidspartner som driver så aktivt med markedsføring av både sitt eget område og sponsorer. Jeg tror jeg kan si at det ikke finnes like i vårt dekningsområde."

Vi kunne teke med mange fleire..

Men fortsatt er det verksemder som av ulike årsaker går ut av samarbeidet (vi skal ikkje kome inn på årsakene her, men at det skuldast at konseptet ikkje er bra, er nok iallefall ikkje grunnen), men då opnar dette for at nye kan kome til, og dette året har vi difor hatt gleda av å få med fyljande nye verksemder på vinnarlaget vårt:

Norwegian Marine Interior

AKO Consulting AS

Nidaros Data

Elkjøp (Breivika)

Artec Aqua

Stranda (Grilstad AS)

IDÈ House of Brands

ATEA (Ålesund)

Stordal fysikalske

Her finn du oversikta over samtlige på vinnarlaget vårt!

 

Samarbeidspartnarane avgjerande

Det at vi har etablert eit nært og godt samarbeid med så mange verksemder, er heilt avgjerande for drifta av Stordalshallen (som ein del kanskje kjenner til, har nemleg ikkje Stordalshallen ei einaste krone i form av rammeoverføring og har klart seg på eiga hand i alle desse 21 åra) og ikkje minst muligheita vår til å få på plass alt det utstyret, som kjem til god nytte når t.d. skulen har sine umåteleg flotte juleavslutningar (som den i går kveld) og sjølvsagt ved ei rad andre høve. Det er ikkje få hundretusen som er investert, for å seie det sånn. Då er det sjølvsagt ekstra kjekt at vår samarbeidspartnarar er så nøgde med det dei får att for å vere med på laget vårt og.

Lydanlegg, trosserigg, sveivetårn, scene m.m. har vi hatt i mange år i tillegg då naturlegvis til det meste av idrettsutsyr, som t.d. konkurransetrampoline, teamtrack, skuddlaser, minigolf, bordennis, slakkline osv osv. At det er klatrevegg og skytebane i Stordalshallen er også kjent for dei fleste. No i 2018, kan vi gle oss over at ny prosjektor er komen på plass, nytt elektrisk lerret, samt ny vogn til lagring av trosseriggen, for å nemne noko.

Kva betydning alt dette har hatt for lokalsamfunnet vårt bør ikkje undervurderast. Stor takk ikkje minst til våre samarbeidspartnarar med andre ord!

 

Her kan du sjå reportasjen frå i fjor, der vi oppsummerte jubileumsåret 2017 (ikkje rart vi trudde det var umulig å overgå dette!)

Stor medieinteresse i høve 20 årsjubileet! (I tillegg til lenker til ei rad reportasjar, har vi også lenke til filmen frå opningsfesten i 1997, i si heilheit her!)

 

I driftsfilosofien til Stordalshallen er m.a. fyljande slått fast:

Stordalshallen - skapt av innbyggjarane sine eigne hender - vil også bli ivareteken av dei.

Når vi ser tilbake på 2018 - altså 21 år etter opninga - kan vi trygt slå fast at vi i fellesskap lever opp til dette. Også dette året er det m.a. lagt ned mange timar med dugnadsinnsats frå dei ulike brukargruppene for å halde Stordalshallen ved like.

 

Om du vil gjere som over 1 100 andre, kan du fylje oss på facebook og dermed få dei ferskaste oppdateringane i høve til alt som skjer ved Stordalshallen. Mange som synes det er stas og. Ja, du finn nokre tusen bilder der og, for å seie det sånn.

 

Med dette vil vi få takke alle, som - på ulikt vis - har vore med og bidratt. Vi vil ikkje minst takke alle som har stått bak dei mange flotte arrangementa, vi vil få takke våre tusenvis av besøkjande og sist, men ikkje minst vil vi få takke alle våre over 100 gode samarbeidspartnarar!

GOD JUL OG GODT NYTT ÅR TIL DYKK ALLE!

..vi gler oss alt til 2019! :)