Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Kjempepopulært med "Open hall" 5. juledag

Open hall 5. juledag 2018 - truleg var det samla sett over 200 innom denne gongen - Klikk for stort bildeOpen hall 5. juledag 2018 - truleg var det samla sett over 200 innom denne gongen Hallgeir Hove

"Open hall" er kanskje ikkje den beste tittelen på aktivitetsopplegget, som er blitt ei årviss romjulshending i Stordalshallen, då det er ganske så stor aktivitet i Stordalshallen også elles i året. Men nok om det. Interessa for å få dette tilbodet med seg er i alle fall veldig stor. Denne 4. utgåva skulle faktisk også vise seg å gje rekordstor deltaking og det seier ikkje reint lite.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.01.2019

Open hall 5. juledag 2018 - Norunn Røren, Eli Søvik og Kjell Mulelid instruerer i klatreveggen - Klikk for stort bildeOpen hall 5. juledag 2018 - Norunn Røren, Eli Søvik og Kjell Mulelid instruerer i klatreveggen Hallgeir Hove Open hall 5. juledag 2018 - Frode Holtleite instruerer på konkurransetrampolina - Klikk for stort bildeOpen hall 5. juledag 2018 - Frode Holtleite instruerer på konkurransetrampolina Hallgeir Hove Open hall 5. juledag 2018 - Stig Falling instruerer på skytebana - Klikk for stort bildeOpen hall 5. juledag 2018 - Stig Falling instruerer på skytebana Hallgeir Hove Open hall 5. juledag 2018 - dei gamle utfordrar dei unge i bordtennis - Klikk for stort bildeOpen hall 5. juledag 2018 - dei gamle utfordrar dei unge i bordtennis Hallgeir Hove

Dette var, som nemnt, fjerde året på rad at ein stelte i stand dette tilbodet og tidlegare år har det vore opp mot nærare 150 små og store med. Men denne gongen var det endå fleire. Ja, truleg var det nok over 200 som fekk det med seg. Sjølv om ein når ut til mange ved hjelp av heimeside og ikkje minst sosiale media, er det grunn til å tru at også "jungeltelegrafen" har bidratt. Veldig kjekt var det også å registrere den store andelen av personar som var i Stordalshallen for første gong og mykje tyder på at det ikkje vert den siste, for å seie det sånn. Vi har nemleg eit bestemt inntrykk av at gjestane likte seg godt og synes det var kjekt å få vere med på dei mange ulike aktivitetane.

Avgjerande for at ein skal kunne få på plass tilbod som dette, er den positive haldninga til dei som stiller på som instruktørar.

Frode Holtleite var ein av dei som starta opp med trampolineaktiviteten i Stordal og han tek fortsatt gjerne turen frå Skodje for at dei som har lyst til det, skal få teste ut konkurransetrampolina i Stordalshallen. Og hoppa vart det, i over 2 timar i strekk. Her var det dei som aldri hadde prøvd tidlegare og det var dei som kunne vise fram både dobbel salto og andre C-moment. Uansett hadde dei det like kjekt, alle som ein.

I klatreveggen var - som alltid (og vi snakkar faktisk om over 20 år no!) - Kjell Mulelid og Eli Søvik på plass. Denne gongen var også klatreentusiast Norunn Røren med og sikra i veggen. Ho har, som mange veit, vakse opp i Stordal, men bur no i Oslo. At klatring også er populært, var ikkje vanskeleg å sjå og i Stordalshallen finn ein ein vegg ingen andre kan vise maken til. Kunstnaren Ola Stavseng står, som kjent, bak denne og då i nært samarbeid med John Helge Larsen. Heldigvis var ein så framtidsretta at ein valgte å få på plass også denne klatreveggen då Stordalshallen vart reist for 22 år sidan.

Noko anna vi kan vere glade for kom på plass for over 20 år sidan, er miniatyrskytebana. Både klatreveggen, trampolina, skytebana og sjølvsagt alle dei andre aktivitetsmuligheitene i Stordalshallen, er ein av grunnane til at det er så populært å besøkje oss. 5. juledag var det skyttarlagsleiar Stig Falling, som tok imot og det var ikkje få som fekk høve til å prøve ut. Det er avanserte saker dette, der skyttaren umiddelbart får opp resultatet på sin eigen skjerm, etterkvart som skota vert avfyrt.

Av andre aktivitetstilbod i tillegg til trampoline, klatring og skyting, nemner vi:

- Teamtrack
- Slakklinestativ
- Skuddlaser
- Minigolf
- Bordtennis

For dei yngste er det også stas å halde på med dei mange ulike "formasjonane" bygd opp av mjuk skumgummi. Her vart det truleg laga både slott, hinderløyper og anna spanande.

Det er sjølvsagt ikkje til å legge skjul på at vi synes det er stor stas med så god oppslutning, når ein først vel å få på plass tilbod som dette. Med ei interesse som dette, er det all grunn til å prøve på å få til liknande også 5. juledag 2019. Det er berre å merke av på kalenderen.

Stor takk til alle som deltok og sjølvsagt ei ekstra stor takk til dei fem instruktørane!

For 222 bilder til frå den kjekke økta, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside

Sjå gjerne også reportasjane (inkl fyldige bildegalleri) frå dei tre første åra med slik aktivitetsdag 5. juledag

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Korsadal
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS