Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Ledig stilling - Sjukepleiar/vernepleiar og helsefagarbeidar i helgestilling – Open omsorg - heimetenesta

Stordal kommune - kommunevåpen - Klikk for stort bilde For tida har vi følgjande mellombelse helgestillingar ledig i Stordal kommune

Heimetenesta:
Stilling 1: 14.08% med arbeid i turnusveke 3 og 6 til 22.09.2019
Stilling 2: 14.08% med arbeid i turnusveke 1 og 4 til 22.09.2019
Stilling 3: 17.61% med arbeid i turnusveke 2 og 6 til 22.09.2019
 
Søknadsfrist: 21. mars 2019
Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 07.03.2019

sjukepleier - Klikk for stort bilde Open omsorg består av heimetenesta og butenesta (bu – og habilitering). Eininga yt helse -og omsorgstenester, personleg – og praktisk bistand til heimebuande med ulike bistandsbehov.

Som medarbeidar hjå oss er du ein verdifull tilsett. Me vonar du vil vera med å utvikle tenesta til det
beste for brukarane. Tenestene femner m.a om tilsyn slik at brukarane opplever tryggheit og gode
tenester, hjelp til personleg hygiene og administrasjon av medisinar. Det er krav til at utførte
tenester blir dokumentert i Profil. Det pågår no eit spanande utviklingsarbeid med fokus på
velferdsteknologi og tenesteinnovasjon i helse – og omsorgstenesta.
 
Stordal kommune ynskjer søknadar frå stolte, engasjerte, modige, omsorgsfulle og tydelege
medarbeidarar som vil være med å utvikle tenesta saman med sine kollegar og leiinga
 
Kvalifikasjonskrav
Norsk autorisasjon som sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar.
Gode kunnskapar i norsk er ein føresetnad for å utøve arbeidet, helst tilsvarande Bergenstest eller
norskprøve 3.
Førarkort kl. B
 
Personlege eigenskapar
Fagleg innsikt, og lojalitet mot fastsette prosedyrer og retningslinjer
Ynskje og evne til å arbeide tverrfagleg
Fleksibilitet og sjølvstende
Glad i utfordringar
Verdset, og bidreg til, eit godt arbeidsmiljø
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Arbeidserfaring med eldreomsorg og heimebaserte tenester er eit ynskje – men ikkje eit krav.
Dessutan ynskjer vi ein person som er arbeidsom, kreativ og som har gode samarbeidsevner.
 
Ei lita eining krev fleksibilitet frå tilsette, og ein må pårekne arbeid på tvers innad i eininga.
Personleg eignaheit til stillinga blir tillagt stor vekt i tilsetjingsprossen.
 
Fleire opplysningar om stillinga får du hjå leiar innan Open omsorg, Kjetil Heggem
Kontor: 70 27 91 97 Mobil: 46 81 46 28
 
Søknad sendast til Stordal kommune, kommunehuset, 6250 STORDAL eller til
postmottak@stordal.kommune.no
 
Søknadsfrist: 21. mars 2019
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Stordal IL  100 år - logo.jpg
Stordal IL 100 år - logo.jpg
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS