Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Ferie for alle i Møre og Romsdal

Logo Røde Kors - Klikk for stort bilde Ferie for alle - eit GRATIS ferietilbod til barnefamiliar med svak økonomi. Røde Kors i Møre og Romsdal arrangerar ferieturar for barnefamiliar som har dårlig økonomi, og ein vanskeleg livssituasjon. Målet med turen er at familien skal få ei ferieoppleving saman. Gi dei eit pusterom frå kvardagen der dei ikkje treng å bekymre seg for økonomien og skape nettverk med andre familiar i same situasjon.

Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 08.03.2019

Målgruppe er familiar med barn i barneskulen, altså mellom 6 og 13 år. Det er nok at 1 av barna i familien er i målgruppa.

Sommaren 2019 blir det arrangert 3 ferieturar frå  Møre og Romsdal Røde kors.

Tur 1:
22. til 27. juli går turen til idylliske Hauglandsenteret i Sogn og Fjordane. Her er det mange flotte utendørsaktivitater, som kanopadling, fisketurar, hesteridning og eit ege bakehus. I tillegg har senteret eige innandørs symjebasseng: Sommarleir på Haugland

Tur 2:
29. juli til 2. august går turen igjen til idylliske Hauglandsenteret i Sogn og Fjordane. Aktivitetane er dei same som i tur 1.

Tur 3:
29 juli til 2. august går turen til fjells og Røde Kors plassen Merket i Valdres. Dette er i Oppland fylket. Her vert det mange aktivitetar i frisk fjelluft. Kanopadling, mesternes mester, elgsafari og eigen vikingleir er blant aktivitetane. Ferie for alle på Merket.

Alle utgifter er dekt av Røde Kors, og det blir satt opp buss frå fylket som ein kan nytte seg av gratis. Reiseleiarar frå Røde Kors er med på turen.

PÅMELDINGSFRIST ER 6. MAI 2019

Meir informasjon om tilbodet og korleis ein søkjer kan ein få her: Ferie for alle

Meir spesifikk informasjon om turane i Møre og Romsdal kan ein få her: Ferie for alle i Møre og Romsdal

Du kan også sende spørsmål på e-post til asbjorn.willie@redcross.no
eller ringe 90 26 73 20.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Skotshalsen
Skotshalsen
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS