1. mai er det klart for ein ny sesong med Stikk UT!

Stikk UT! - Klikk for stort bildeStikk UT!

Turkonkurransen Stikk UT! har blitt ein kjempesuksess rundt om, der heile 10% av alle innbyggjarane i Møre og Romsdal faktisk deltok i fjor. I år kan vi gle oss til å velje mellom heile 398 turmål rundt om i 30 forskjellige kommunar. Startskotet går, som vanleg, 1. mai.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 09.04.2019

Om lag ti prosent av innbyggjarane i Møre og Romsdal deltok altså i Stikk UT! i fjor. I år håper vi at endå fleire blir med. Stikk UT! har turar for alle: Lange og korte, flate og bratte, i fjell og fjøre, ved kysten og i innlandet, i skog, ved elvar og vatn. Nokre kan gjennomførast med rullestol, andre krev godt turutstyr og kunnskap om bruk av kart og kompass. Noko av det kjekkaste med Stikk UT! er å oppleve mangfaldet av natur og fine turar som finst i fylket vårt.

Dei to friluftsråda i Møre og Romsdal står bak Stikk UT!, saman med medlemskommunane og hundrevis av frivillige, som set opp skilta, turkassene, legg ut turbøkene og kodane. Stikk UT! er ein kjempedugnad, finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og Friluftsrådenes Landsforbund.

For deltakarane er det gratis å vere med, og det er enkelt. Registrer deg som brukar på stikkut.no, så er du i gang. Koden du finn på kvart turmål registrerer du også på stikkut.no, eller i appen Morotur på mobiltelefonen. Sesongen varer frå 1. mai til 31. oktober.

Turane blir lagt ut på stikkut.no og kartbrosjyren kjem i postkassene etter påske.

For meir informasjon, ta kontakt med:

  • Marte Melbø, Stikk UT!-ansvarleg i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, telefon 472 52 012 eller e-post marte@stikkut.no

 

Informasjonen ovanfor har vi motteke i form av ei eiga pressemelding frå dei to flotte friluftsråda. I tillegg føyer May Britt Haukås til fyljande, når det gjeld Sunnmøre friluftsråd:

I dei 13 medlemskommunane til Sunnmøre friluftsråd har vi i år 183 turmål. Av dei er 80 grøne turar, 85 er blå, 17 raude og ein svart. 48 av turane er trillevennlege, fleire av dei kan gjennomførast med rullestol. 54 av turane er heilt nye i Stikk UT!

 

Så minner vi også om Stikk UT! Ski, som varer fram t.o.m 2. påskedag