Per Christian Ellefsen til Stordal i september!

Per Christian Ellefsen - Klikk for stort bildePer Christian Ellefsen

Vi har nettopp annonsert at vi er så heldige å få besøk av Audun Myskja, i veke 24. No kan vi - i tillegg - gle oss over at Mental Helse Stordal har fått ja frå Per Christian Ellefsen, m.a. kjent frå filmtriologien om "Elling". Han vil halde foredrag i Stordalshallen i høve Verdensdagen for psykisk helse, søndag 29. september.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 31.05.2019

Dei fleste er nok klar over at Per Christian Ellefsen har tett program, der han ikkje minst er oppteken med framsyningane "Den utrolige historien om den kjempestore pæra" og "Forelska i Shakespeare" ved Nationaltheatret. Også av den grunn, er det naturlegvis ekstra stas at han har valgt å sette av tid til ein stordalstur, denne siste helga i september.

Mental Helse Stordal si side, kan du lese meir. "Tittelen på foredraget hans er Gi av din tid og du gir glede! Han vil gje oss eit foredrag der vi kan le av oss sjølve og alt det rare vi gjer. Saman skal vi finne ut korleis det å vere til stades og ha sjølvironi gjer livet lettare å leve."

Det er all grunn til å tru at det kjem til å bli folksamt i Stordalshallen denne søndags ettermiddagen.

Vi har tidlegare skrive om det særs driftuge lokallaget til Mental Helse her i Stordal. Sjå gjerne reportasjane frå Verdensdagen for psykisk helse i 2011 , 2014 , 2016 , 2017 og ikkje minst reportasjen vår frå 2016, då laget feira sitt 10 årsjubileum. Det er rett og slett imponerande det arbeidet Mental Helse Stordal får utretta!