Låssenteret AS, klar for vinnarlaget!

Låssenteret AS - logo - Klikk for stort bildeLåssenteret AS - logo

Det er stadig like attraktivt å vere Stordalshallen sin samarbeidspartnar og blant dei verksemdene som kjem med no, finn vi også Låssenteret AS. Vår nye samarbeidspartnar er m.a. det største frittståande TrioVing sikkerheitssenteret i Norge.

 

 

 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 06.06.2019

Låssenteret AS - avdeling Ålesund - Klikk for stort bildeLåssenteret AS - avdeling Ålesund Låssenteret AS - Ørstahallen opna i 2019 - Klikk for stort bildeLåssenteret AS - Ørstahallen opna i 2019 Låssenteret AS  - Klikk for stort bildeLåssenteret AS Låssenteret AS - avd Ålesund - Klikk for stort bildeLåssenteret AS - avd Ålesund

Det er naturlegvis stor stas å regelmessig kunne få presentere nye samarbeidspartnarar. Som dei fleste er kjent med, ligg talet på verksemder med på vinnarlaget vårt, på rundt 100 og dermed er også all ledig plass på veggane våra i røynda oppteken. Men av og til opnar det seg likevel muligheit for nye firma å kom til og ei av dei verksemdene som kjem med no er altså Låssenteret AS.

Låssenteret har sitt utspring frå selskapet Arve Karlsen AS, som sidan etableringa i 1970 vaks til å bli ein sentral og leiande aktør i Aust-Agder. I 2016 etablerte selskapet ei avdeling i Oslo og endra då også namn til Låssenteret AS.

Også etter 2016 har verksemda ekspandert og m.a. kjøpt opp selskap som Norsk Låsservice og Møre Beslag.

Låssenteret AS er no m.a. det største frittståande TrioVing sikkerheitssenteret i Norge, med over 80 godt kvalifiserte fagfolk. Selskapet har som ambisjon å vekse vidare, både gjennom organisk vekst og oppkjøp, og har som mål å vere leiande innan bransjen gjennom dei beste fagfolka og dei mest fornøgde kundane. 

Stordalshallen har i alle år, hatt eit nært og godt samarbeid med Møre Beslag AS og då er det naturlegvis ekstra stas at Låssenteret AS no overtek stafettpinnen.  

Låssenteret AS har etterkvart etablert seg i dei fleste byane opp til og med Trondheim i nord og ikkje minst då i vårt fylke, med avdelingar fyljande stadar: Ålesund, Molde, Kristiansund, Ulsteinvik og Volda.

For mykje meir om alt det vår nye samarbeidspartnar har å tilby, viser vi til Låssenteret si heimeside

Sjølvsagt gjer du også lurt i å halde deg oppdatert på Låssenteret si facebookside!

På denne sida finn ein også meir om historia til Låssenteret og her tek vi med litt av dette:

"Låssenteret er Norges eldste og største privateide lås- og sikkerhetssenter med 145 ansatte og en omsetning på over 200 mill. i 2018. Låssenteret eies av Ståle Raa og ansatte. Låssenteret er i sterk vekst og skal være et ledende sikkerhetssenter, en attraktiv arbeidsgiver og en foretrukken leverandør med erfarne høyt kvalifiserte fagfolk, kvalitetsprodukter og fokus på høy kundetilfredshet. Låssenteret er autorisert TrioVing sikkerhetssenter og tilbyr konsulentbistand, levering og montering av komplette løsninger til privat- og bedriftsmarkedet og offentlige instanser."

 

Høyrest bra ut, ikkje sant?

Vi ynskjer vår nye samarbeidspartnar velkomen med på vinnarlaget vårt!

 

Låssystemer - Adgangskontroll - Kameraovervåkning - Dørautomatikk - Prosjektering - Montasje/installasjon - Serviceavtaler - Postkasseanlegg - Porttelefon