MOT 24/7 – korleis du kan bidra til eit varmt og trygt samfunn

Logo - MOT - Klikk for stort bilde For leiarar i lokalsamfunnet, fritidsarenaen, komande foreldre, foreldre, interesserte vaksne og tilsette i kommunen som arbeider med barn og unge.  

 
Dato : ONSDAG 14.AUGUST
Tid : KL. 18:00
Stad : GRENDASALEN, STORDALSHALLEN
 
Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 05.08.2019

Vi ønsker å få med foreldra, tilsette som arbeider med ungdom, frivillige lag og foreningar og andre interesserte vaksne, som er i kontakt med barn og ungdom, til å bygge opp lokalsamfunnet til beste for barn og unge i kommunen.

Som vaksen kan du vere med å forsterke positive beskyttelsesfaktorar for barn og unge. MOT brenn for å forsterke arbeidet sitt ved å forsterke vaksne si felles forståing for kor viktig det er å skape ein kultur der alle er inkluderte. Denne dagen vil vi setje fokus på desse tre faktorane i møte med barn og unge: 

1. Skape godfølelsen 2. Bakgrunnsforståing  3. Tøff kjærleik 
 
Føredragshaldar Stein Bratseth har 35 års fartstid frå politiet, kor han dei siste 23 åra har hatt hovudfokus på politiet si førebygging retta mot barn og ungdom. Han har jobba med og undervist i førebyggende arbeid både i Sør Trøndelag politidistrikt, på Politihøgskolen og i Politidirektoratet. Han har halde svært mange foredrag som både har vore retta mot ungdom, og mot foreldregruppa. Bratseth har heile tida levd etter «ingen er berre det du ser».  Ut frå sitt erfaringsgrunnlag ønsker han å vere med å inspirere lokalsamfunn til felles forståing og felles forstått ansvar for alle barn og unge. I 2015 vart  han hedra som ein Norsk kvardagshelt gjennom programmet "Norske helter".
 
Stein har eit unikt spekter av personlige og profesjonelle erfaringar å spele på i si rolle som føredragshaldar, gjennom sine mange års arbeid for eit tryggare og varmare samfunn. Vi anbefaler sterkt alle som har høve til å delta. Noter datoen i kalenderen! 
 
Velkomen til eit lærerikt foredrag om korleis du kan bidra til eit varmare og tryggare samfunn!
 
 
Med venleg helsing
 
Valldal skule, Eidsdal skule og Stordal skule