Kulturkalender nr 3 - 2019

Per Christian Ellefsen kjem på besøk, søndag 29. september - Klikk for stort bilde

Ein ny haust står for tur og som vanleg då med mykje kjekt å få med seg på kulturfronten. Den tredje kulturkalenderen tek føre seg månadane juli t.o.m september.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 07.08.2019

Herrelaget toppar tabellen - klarer dei opprykket?  - Klikk for stort bildeHerrelaget toppar tabellen - klarer dei opprykket? Turkassa og turboka på Dyrdalstinden - Klikk for stort bildeTurkassa og turboka på Dyrdalstinden

Når ein ny sommar er på hell og vi går mot haust, kan vi sjå fram til at dei mange faste aktivitetane både i Stordalshallen, ved Stordal frivilligsentral og fleire andre stadar, startar opp att. Dei faste aktivitetane (kvar og når) vil vi - som vanleg - presentere i ei eiga oversikt. Men i tillegg er det altså ei rad arrangement av ulikt slag og dei prøver vi samle i ei eiga kalenderoversikt på vanleg måte.

Etterkvart som vi nærmar oss etableringa av Fjord kommune, vert det naturleg at det kjem med fleire og fleire arrangement, som er felles for Stordal og Norddal og då både i kalenderoversikta vår og elles på nettsidene våra.  

Eitt av fleire høgdepunkt denne hausten, blir det nok å få besøk av Per Christian Ellefsen. Dette skjer i høve Verdensdagen for psykisk helse og då søndag 29. september. 

Om kort tid startar også kampane opp att på Kirkebø Stadion, med mange spanande oppgjer der både små og store skal i aksjon. Ekstra spanande blir det å sjå om herrelaget til Stordal kan klare å rykke opp, etter å ha lagt bak seg ein kjempeflott vårsesong der dei toppar tabellen.  

Ved Ytste Skotet held også aktivitetane fram med Museumssøndag og anna kjekt. Vi merkar oss også at det skal vere eige slottekurs der i helga frå den 9. til den 11. august.

Fjord kommune er som kjent med i MOT-prosjektet og på onsdag den 14. august bør du få med deg eit interessant føredrag med Stein Bratseth i Stordalshallen.

Interessa for å gå på tur i fjellet er særs stor og her er det mykje å velje mellom, både om ein ynskjer å ta del i organiserte opplegg eller ei. Med slike tindar og fjellområde rundt oss, er det ikkje rart at det fristar å legge ut på tur.

Her er ein del av det som omhandlar det meir organiserte turopplegget:

StikkUT!

Morotur (Møre og Romsdal fylkeskommune)

Stordal Turlag (PDF, 538 kB)

Naturlos (Sunnmøre Friluftsråd)

Ålesund-Sunnmøre Turistforening (DNT)

Vekas Tur i Fjord kommune

 

Her finn du kalenderoversikta vår over det som skal skje framover (PDF, 55 kB)

 

Med dette ynskjer vi alle ein super haust med mange flotte kulturopplevingar anten det no er innandørs, til lands eller til vanns, eller kvar det no måtte vere.


Om du har tips til oss om andre arrangement framover, som vi kan legge inn i kalenderoversikta vår og elles synleggjere/profilere, er det fint om vi får inn dette.