Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Stikk UT! - maraton i Friluftslivets Veke 31. august - 8. september

Stikk UT! - maraton - plakat - Klikk for stort bildeStikk UT! - maraton - plakat

Friluftslivets Veke vert markert med ei rad flotte arrangement over heile landet og vert sparka i gong med den landsdekkjande sove-ute-aksjonen #nattinaturen laurdag 31. august. Friluftsråda i fylket vårt satsar stort på å vise resten av landet kor glade vi er til å kome oss ut på tur her i Møre og Romsdal med opplegget; Stikk UT! - maraton.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 19.08.2019

Stikk UT! - maraton går naturlegvis ut på å gjennomføre flest mulig Stikk UT! -turar i løpet av Friluftslivets Veke. Denne veka vert friluftsliv sett på dagsorden over heile landet og dette er vårt bidrag blant mange små og store arrangement rundt om i hele landet.

Frå og med laurdag 31. august til og med søndag 8. september ynskjer vi på denne måten å motivere deg til å gjennomføre ekstra mange turar. Du vel sjølv kva Stikk UT! - turar du vil ta, - oppsøk gjerne same turmål kvar dag for det er talet på turar som tel. Turane registrerer du på vanleg måte og dei vert då sjølvsagt med i Stikk UT! - tellinga også elles. Men legg merke til at det er ei eiga telling og toppliste for desse ni dagene. Det vert i tillegg uttrekking av vinnarar kvar dag, blant alle dei som registerer turar og mykje anna stas.

Ikkje minst kan vi her i Møre og Romsdal - på denne måten - få vist resten av landet kor tur-glade vi er her i fylket vårt. 

Meir om Stikk UT! - maraton

Meir om Friluftslivets Veke

 

At vi er flinke til å kome oss ut på tur, det veit vi frå før. Kor mange turarar klarer vi på 9 dagar?

Stordal kåra til Årets Turkommune i Friluftslivets År 2005

Friluftslivets År 2015 - offisiell opning i Stordal kommune

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Stordal Sogelag
Ystegarden på Jøsvoll
Stordal Sogelag
Levert av ACOS AS