Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Trenings-, øvings- og opningstider hausten 2019

Stordal Barnekor, øving hausten 2008. Merk at det er fredag, som er ny øvingsdag for barnekoret denne hausten - Klikk for stort bildeStordal Barnekor, øving hausten 2008. Merk at det er fredag, som er ny øvingsdag for barnekoret denne hausten Hallgeir Hove

Vi kan no presentere ei samla oversikt over mykje av det som skjer av faste aktivitetar frå veke til veke. Her finn ein ikkje minst også informasjon om når dette skjer og kven som er kontaktpersonar for aktivitetane.

 

 

 

 

 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 12.09.2019

Boksommar 2010. Avslutningsfest på biblioteket - Klikk for stort bildeBoksommar 2010. Avslutningsfest på biblioteket Bjørg Moltu God Helse - Leik og aktivitet for barn 2-5 år, oppstart haust 2011 III - Klikk for stort bildeGod Helse - Leik og aktivitet for barn 2-5 år, oppstart haust 2011 III Bjørg Jacobsen Yoga i grendasalen - Klikk for stort bildeYoga i grendasalen Ungdommar samla på ungdomsklubben - Klikk for stort bildeUngdommar samla på ungdomsklubben

I vår reportasje tidlegare denne hausten,  der m.a. alle vart invitert til å sende inn ynskje om trenings- og/eller øvingstid i Stordalshallen, finn de mykje meir info om dette. Ikkje minst finn de også meir info om dette med at treningar og øvingar av og til må gå ut, informasjon om brukarmøter ved Stordalshallen og anna.

 

Her er oversikta over trenings-, øvings- og opningstidene, hausten 2019 (PDF, 96 kB)

 

Eigen kulturkalender

I tillegg til aktivitetane ein kan ta del i fast, frå veke til veke, er det også i denne perioden ei rad arrangement. Mange av dei, finn ein lista opp i ein eigen kulturkalender.  

 

STORDALSHALLEN

IKKJE BRUKARMØTE DENNE HAUSTEN:

Vi køyrer vidare med praksisen der dei obligatoriske brukarmøta vert avvikla annakvar haust. Sist haust vart slikt møte gjennomført og dermed vert det ikkje møte denne hausten. I tillegg til branninstruks og rutiner ved brann, samt instruksen for bruken av Stordalshallen generelt, vert det på desse møta som regel anten gjennomført ei brannøving, eller vi køyrer ei oppfrisking i høve til dette med bruken av hjertestartar og hjerte - lunge - redning (HLR). Hausten 2018, var det oppfrisking i bruken av hjertestartaren, som stod på programmet.

Her er reportasje frå brukarmøtet i 2014

Her er reportasje frå brukarmøtet i 2016

Her er reportasje frå brukarmøtet i 2018

I tillegg til brukarmøta, gjennomfører vi også regelmessige kurs i bruken av hjertestartaren vår.

På brukarmøta vert også instruksen for bruken av Stordalshallen gjennomgått, samt branninstruks. Det er nok ein gong viktig å minne kvarandre på det som står der. At alle er kjent med instruksane og fyl desse er umåteleg viktig av sikkerheitsmessige årsaker og i tillegg har dette sjølvsagt også med trivsel å gjere.
 

TRENINGAR/ØVINGAR SOM GÅR UT AV OG TIL:

Vi minner også om at det for Stordalshallen sin del, vert arbeidd ut ei oversikt over treningar og øvingar som må vike, pga arrangement, besøk frå grupper utanfrå, eller anna. Slik oppdatert oversikt vil vere å finne same stad som oversikta over trenings- og øvingstidene. No er det sjølvsagt aldri kjekt å oppleve at ein mistar treningar/øvingar pga slikt, men samstundes håper ein at alle let seg glede over det enorme aktivitetsnivået ved Stordalshallen og at vi er førstevalet, når m.a. øvingshelgar, treningssamlingar o.l. skal gjennomførast. Ja, faktisk er det blitt slik at vi dessverre må seie nei til mange av dei som ynskjer å kome, nettopp fordi det alt er reservert til andre. For å halde seg oppdatert på kva treningar/øvingar som vert råka på pga slik utleige, er det viktig at ein også fyl med på dette. Sjå oversikta nedst på sida her! (denne blir oppdatert med jamne mellomrom, slik ein skal kjenne til dette god tid i førevegen)

VIKTIG Å SETTE SEG INN I INSTRUKSANE!

Ein vil igjen minne om at det er ekstra viktig at alle som får ansvar for aktivitetar ved Stordalshallen, set seg grundig inn i gjeldande instruksar. Dette ikkje minst utifrå sikkerheitsomsyn, men også fordi det skal vere kjekt å kome til Stordalshallen og ta denne i bruk. Legg merke til at dette er presisert ytterlegare også i sjølve søknadsskjemaet. Sjå instruks for bruken av Stordalshallen, som pdf (PDF, 56 kB).


STADIG FLEIRE FYL OSS PÅ FACEBOOK!

Dei fleste av dykk har alt funne ut at Stordalshallen har eiga facebookside. Vi har for lengst passert 1 000 fyljarar. For alle desse vert det endå lettare å halde seg oppdatert på alt det som skjer og mange av dei har også vunne seg gåvekort frå Elkjøp i Breivika, på kr 500,-.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Skulen zooma frå Storheimshornet 02.10.2010 | Fotograf: Bjørnar Midtbust
Stordal skule
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS