XL-BYGG Stavseng klar for vinnarlaget!

Logo - XL BYGG Stavseng  - Klikk for stort bildeLogo - XL BYGG Stavseng

Det er stas for oss å kunne presentere nok ei verksemd klar til å kome med på vinnarlaget vårt. XL-BYGG Stavseng er, som alle veit, lokalisert på Sjøholt der den inngår som ein del av den familieeigde bedrifta K&S Stavseng. Denne vart etablert så tidleg som i 1920 og har også vore samarbeidspartnaren vår heilt sidan sommaren 2006. Frå no av blir K&S Stavseng dermed representert i Stordalshallen med både Blink Hus Stavseng og XL-BYGG Stavseng. Naturlegvis synes vi dette er stas.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 18.10.2019

XL-BYGG Stavseng  - Klikk for stort bildeXL-BYGG Stavseng XL-BYGG Stavseng  - Klikk for stort bildeXL-BYGG Stavseng XL-BYGG Stavseng  - Klikk for stort bildeXL-BYGG Stavseng XL-BYGG Stavseng  - Klikk for stort bildeXL-BYGG Stavseng

Som vi var inne på vart K&S Stavseng etablert i 1920 og då som trelasthandel og tømrarbedrift. Seinare vart det også produksjon av vindu, dører og andre trevarer - noko som varte fram til 1983. Bedrifta er familieeigd og har eige anlegg på Sjøholt i Ørskog kommune. K&S Stavseng er medlem både i XL-BYGG og systerdivisjonen Blink Hus. Markedsmessig nedslagsfelt er Nordre Sunnmøre med Ålesund. 

For meir om XL-BYGG Stavseng, viser vi til den flotte nettsida til verksemda.

XL-BYGG Stavseng har sjølvsagt også eiga facebookside det kan løne seg å fylje.

Når vi først er i gong, kan vi også anbefale dykk til å ta ein titt innom nettsida til Blink Hus Stavseng og sjølvsagt også facebooksida deira og.

 

Vi ynskjer med dette også XL-BYGG Stavseng velkomen med på laget vårt!