Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Stordal IL, langrenn
Motbakkeløp, ikkje noko problem for Geir Marius. fotograf Stordal IL, langrenn
Fotograf: Stordal IL, langrenn
Flott tur til Jolgrøhornet saman med resten av langrennsgruppa i Stordal IL fotograf Stordal IL, langrenn
Fotograf: Stordal IL, langrenn
Klargjering til start. fotograf Stordal IL, langrenn
Fotograf: Stordal IL, langrenn
På startstreken. fotograf Stordal IL, langrenn
Fotograf: Stordal IL, langrenn
Full spurt mot mål. fotograf Stordal IL, langrenn

Stipend til Geir Marius.

Geir Marius Øie er tildelt Stordal kommune sitt kulturstipend for 2009. Han mottek utmerkinga for sine prestasjonar og si satsing innan langrennsidretten.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 02.12.2009

Geir Marius er 17 år gammal og går i 2. klasse på Idrettslinja ved Stranda vidaregåande skule, toppidrett langrenn.

Han er med på kretslaget for Møre og Romsdal og i følge trenarane har han stadig framgang.

Beste prestasjon sist sesong var 28. plass i NM for junior i Bardu og då i klassisk disiplin. Truleg er dette den beste NM plasseringa i Stordal IL si langrennshistorie! 

Geir Marius hadde også beste plassering av alle 17 åringane i kretsen, under Sparcupen i Strindheim, sist sesong og i tillegg drog han også i land samanlagtsigeren i Sparebanken Møre Cup. 

Om stipendvinnaren er det vidare grunn til å slå fast at han innehar mykje av det som skal til for å bli ein god langrennsløpar. Han satsar seriøst, er både aktiv og særs treningsvillig. I tillegg til satsinga på langrenn, er han også ei viktig brikke på Stordal sitt A-lag i fotball.

Geir Marius føyer seg dermed inn i rekkja av talentfulle unge i Stordal kommune, som har motteke stipendet, sidan det første gong vart utdelt i 2002.

GRATULERER!

Sjå eigen reportasje om kulturstipendet. Lenke nedanfor. (du finn naturlegvis også endå meir om tidlegare stipendvinnarar i arkivet vårt)

 

 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Stordal flyfoto
Stordal flyfoto
Levert av ACOS AS