Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Bjørn Steinar Skarbø
Stordal Hornmusikklag og gjesteartistar. fotograf Bjørn Steinar Skarbø
Stordal Hornmusikklag på scena.
Lars Kaggerud alltid på plass når hornmusikken står på scena.
Fotograf: Alfred Nilsen, Storfjordnytt
Leiaren i hornmusikken, Hilde Dyrkorn, deler ut diplom og medaljar til dei som har vore med i 40 år, eller meir. fotograf Alfred Nilsen, Storfjordnytt
Fotograf: Alfred Nilsen, Storfjordnytt
Leif Arne Dybdal (t.v.) og Ole Magnar Øvrebust vart nyleg heidra for over 50 år i hornmusikken. fotograf Alfred Nilsen, Storfjordnytt
Jan Werner Danielsen som solist med Stordal og Valldal hornmusikklag.
Stordal Hornmusikklag samarbeidde også nært med Jan Werner i samband med ein av sine mange konsertar.

Kulturpris til Stordal Hornmusikklag.

Stordal kommune har vedteke å tildele kulturprisen for 2009, til Stordal Hornmusikklag.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 01.12.2009

Stordal Hornmusikklag vart stifta så tidleg som i 1891, og sidan den tid har laget vore ein hjørnestein i kulturlivet i Stordal kommune.

I nyare tid, har laget stått bak den eine flotte konsertopplevinga etter den andre og nyleg var det ei oppsetting med countrymusikk som tema, som stod på programmet. Dei har også samarbeidd med andre lag og musikkrefter i samband med disse konsertane og det er m.a. verdt å nemne her at dei også hadde med Jan Werner i samband med ein av dei. Les meir i eigne reportasjar. (Lenke nedanfor) I tillegg til dei vi har teke med reportasjar frå nedanfor, har dei også laga konsertar med fyljande tema: ABBA, Elton John og Andrew Lloyd Webber. Laget har også ved fleire av konsertane sine hatt eit nært samarbeid med hornmusikklaget i Valldal. Det er sjølvsagt alltid ein viss fare knytt til å trekkje fram einskildpersonar, men ein vågar likevel å nemne at dirigent Lars Kaggerud har vore særs sentral, både i høve satsinga til hornmusikken og elles i høve til rekrutteringa av unge musikantar i Stordal. 

I tillegg til dei mange konsertane stiller også laget opp i ei rad andre samanhengar og sjølvsagt kvart år, når Nasjonaldagen skal feirast. Tenk deg ei 17. mai-feiring, utan Stordal Hornmusikklag!

Medlemmane i hornmusikken er sjølvsagt også ein viktig ressurs i form av at dei er med på å lære opp unge musikantar i kulturskulen. I tillegg stiller dei ofte opp som forsterking i samband med skulekorpset sine konsertar. Det er også umåteleg viktig for rekrutteringa av unge musikarar at Stordal Hornmusikklag er så aktive. Når dei unge vil lære meir, etter at tida i skulemusikken er over, står Stordal Hornmusikklag klar til å ta dei med vidare på nye utfordringar. 

Mange av dei som spelar i hornmusikken i dag, har vore med særs lenge. Nyleg fekk disse sine velfortjente utmerkingar, i samband med den flotte konserten i Stordalshallen. Les meir om dette i eigen reportasje (sjå lenke nedanfor) Det at einskildpersonar vel å halde på så lenge seier nok mykje om trivselen ein opplever innan laget. I tillegg er det truleg også slik at dei samme personane i stor grad er opptekne av at tradisjonane og dei verdiane som ligg i eit aktivt hornmusikklag vert ført vidare. I ei kommune der ein til alle tider har vore vand med å "løfte i flokk", har også Stordal Hornmusikklag verkeleg spela ei sentral rolle. 

Ein vil med dette få rette ei stor takk til Stordal Hornmusikklag, for den enorme innsatsen som vert lagt ned.

GRATULERER!

(Overrekkjinga av kulturprisen vil finne stad under Årsfesten for Stordalshallen, laurdag den 27. februar)

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Nykyrkja ein dag i mars
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS