Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Atle Hole
Eline (t.v) og Ida, med det synlege beviset. fotograf Atle Hole
Fotograf: Atle Hole
Ida Andrine Heggset, Ungdomspanelet sin leiar, har ordet. fotograf Atle Hole
Fotograf: Ruth Janne Vinje, Bygdebladet
Ordførar Charles Tøsse takkar for prisen, på vegne av kommunen. fotograf Ruth Janne Vinje, Bygdebladet
Fotograf: John Kristian Hjelle
Ida Moltu Staurset, leiar i Stordal Ungdomsråd. fotograf John Kristian Hjelle
Fotograf: John Kristian Hjelle
Eline Vinje, nestleiar i Stordal Ungdomsråd. fotograf John Kristian Hjelle

Flott prisoverrekkjing.

Stordal kommune fekk nyleg overrekt det synlege beviset på at ein i 2009 vart kåra til "Årets Ungdomskommune." Det heile skjedde i forkant av konserten til Stordal og Vatne skulekorps i Stordalshallen, sist søndag.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 26.04.2010

Det var 8 medlemmer frå Ungdomspanelet, samt deira rådgjevar, Anne Berit Svenkerud Halle, som stod for overrekkjinga. Det var leiaren i Ungdomspanelet, Ida Andrine Heggset , som overrekte prisen.

Ho fortalte først om Ungdomspanelet i fylket - korleis dei arbeider med saker som gjeld spesielt ungdom i fylket. Ein gong i året kårar dei årets ungdomskommune. Hausten 2009 vart det Stordal kommune som nådde til topps, mellom anna på bakgrunn av kommunen sitt langvarige arbeid med tiltak retta mot barn og unge, der ein har teke denne gruppa på alvor - noko som også har gitt positive resultat i lokalmiljøet.

Det var Stordal Ungdomsråd som på vegne av kommunen tok imot prisen og både leiaren, Ida Moltu Staurset, og nestleiar Eline Vinje, nytta høvet til å takke.

Ida sa at ungdomsrådet er stolte og glade og at dei føler at Stordal kommune fortener prisen. Ho peikte mellom annna på at det i Stordal er mange gode krefter som dreg i lag og at det fører til mange tilbod for barn og unge. Ho sa og at det i Stordal er ei lita ungdomsgruppe, men at dei vert satsa på. Dette fører til eit inkluderande miljø, aktive og sunne ungdomar som utnyttar dei muligheitene som vert skapt.

Eline peika på det gode og kreative samarbeidet som er etablert mellom offentlege tenestar og frivillige organisasjonar. Dette gjer at Stordal kommune, etter vårt syn, har blitt den beste ungdomskommuna i landet, sa ho. Utan dei mange aktive foreldra, trenarane og pådrivarar, hadde vi aldri stått her i dag. Ho retta difor også ei stor takk til alle dei. Vidare slo ho fast kor viktig det er at ungdommane er kreative og engasjerte, og ho håpte at den ungdomskulturen vi har no, vil fortsette. Ho takka for prisen og lova at ein saman vil halde fram arbeidet for å gjere Stordal til ei ENDA betre kommune å bu i.

Ordførar Charles Tøsse sa at med så flinke ungdomar til å representere kommunen, trengde ikkje ordføraren seie så mykje. Han nytta likevel høvet til å takke for tildelinga, samtidig som han takka ungdomsrådet i Stordal for deira arbeid og for at dei hadde foreslått kommunen til prisen. Han lova og at på same måte som før vil ein arbeide for å vidareutvikle kommunen og dei tilbod som finns i eit tett samarbeid med alle samarbeidspartnarar, i dette gjelde seg m.a. lag og organisasjonar, privatpersonar, næringsliv samt kommunen sine eigne ressursar.

Stordal kommune fekk altså overrekt flott diplom som "Årets Ungdomskommune 2009". Denne vil truleg få ein sentral plass i dei flotte klubblokala ved Stordal Ungdomsklubb. I tillegg til sjølve prisen, vert ungdomsrådet invitert til å kome på besøk på Fylkeshuset, der det vil bli lagt til rette for at dei skal kunne stille spørsmål angåande saker som dei arbeider med, både til administrasjonen og eventuelle politikarar dette gjeld. Her vil det også vere felles lunsj, slik ein kan diskutere saker ungdomsrådet er opptekne av.

Ungdomspanelet fordeler kvart år kr 250.000 til ulike ungdomstiltak i fylket og nyleg vart halvparten av midlane fordelte på 17 ulike tiltak. Eitt av tiltaka som fekk støtte denne gongen var Stordalstrøkk, som får kr 10.000! (Det låg føre 25 ulike søknadar) Stordal kommune har også fleire gongar tidlegare motteke slik støtte, ikkje minst retta inn mot Stordal Ungdomsklubb. Dette har hatt mykje å seie for utviklinga av tilboda og aktiviteten der. 

Vi kjem attende med bilder frå prisoverrekkjinga med det aller første.

Les meir om utmerkinga i tidlegare reportasjar. Sjå også flott reportasje i avisutgåva av Sunnmørsposten (tysdag). På Ungdomspanelet si nettside, finn du også eigen reportasje frå overrekkjinga. Nytt i Uka hadde også flott reportasje på si nettside og i avisa.

Les også om gjennombrot for Ungdomspanelet i høve til å få møte- og talrett hjå fylkesutdanningsutvalet på NRK Møre og Romsdal si nettside her.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Rosekyrkja
Rosekyrkja
Levert av ACOS AS