Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Stordal IL, langrenn
Martine klar på startstreken fotograf Stordal IL, langrenn
Fotograf: Stordal IL, langrenn
Martine kan vise til ei rad flotte plasseringar det siste året fotograf Stordal IL, langrenn
Fotograf: Stordal IL, langrenn
Delar av langrennsgruppa med samling på Dombås, siste helga i november fotograf Stordal IL, langrenn
Fotograf: Pål Bjørn Øvrebust
Tid til fotball vert det og. Her, saman med glade lagveninner etter at dei vann J14-serien sist haust fotograf Pål Bjørn Øvrebust
Fotograf: Hallgeir Hove
Martine - kulturskulen fotograf Hallgeir Hove

Kulturstipend til Martine

Den talentfulle langrennsløparen Martine Lorgen Øvrebust, er tildelt Stordal kommune sitt kulturstipend for 2010. Ho kan sjå attende på ei rad imponernade plasseringar såvel regionalt, som nasjonalt det siste året og syner ein treningsiver heilt utanom det vanlege.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 21.12.2010

Martine har gjennom sine resultat i langrenn på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå vist eit særskilt talent, syner god kvalitativ utvikling og ho legg ned stor innsats for å utvikle sin dugleik.

Martine kan vise til følgjande resultat i sesongen 2009-2010:

Sparebanken Møre Cup (Møre og Romsdal)

1. plass samanlagt i klasse J-13.

Vestlandsmesterskapet (Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland)

1. plass i klassisk og 1. plass i skøyting.

Midt-Norsk Mesterskap (Møre og Romsdal, N og S Trøndelag)

3. plass i skøyting og 1. plass i klassisk.

Ungdommens Holmenkollrenn (uoffisielt NM for 13 og 14 åringar)

Nr 11 (av 121 startande) i klassisk og nr 7 (av 109 startande) i fristil.

UngdomsBirken 2009 - nasjonalt renn

3. plass (av 132 startande)

Resultata viser at Martine er heilt i toppen i si aldersklasse på nasjonalt nivå. I tillegg er Martine også eit viktig forbilde for dei yngre i langrennsgruppa. Dette er viktig for å rekruttere endå fleire til langrennsgruppa. Ho er positiv og sosial både i langrennsgruppa og på fritida, i tillegg til å vere ein seriøs idrottsutøvar.

Sjølv om langrenn er idretten ho satsar på, vert det også tid til litt fotball. Også på fotballbana utmerkjar ho seg, der ho naturleg nok også dreg nytte av dei mange timane med styrke- og kondisjonstrening i løpet av året.

Vi nemner også at Martine trakterer pianoet på ein utmerka måte og som elev ved Stordal kulturskule har vi fått glede av å høyre ho spele i ulike samanhengar.

Det er med andre ord ei allsidig og særs målretta jente, som får tildelt Stordal kommune sitt kulturstipend for 2010.

Vi gratulerer!

(Den offisielle overrekkjinga vil finne stad under Årsfesten for Stordalshallen, laurdag den 5. mars)

I 2009 var det Geir Marius Øie, som vart tildelt Stordal kommune sitt kulturstipend. Les meir om dette og sjå oversikt over alle som har motteke stipendet sidan første tildelinga i 2002, her.

 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Arnt Flatmo
Panoramautsyn frå Ådalstinden.
Arnt Flatmo
Levert av ACOS AS