Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Hallgeir Hove
Klovnen Knut hadde særs god kontakt med publikum fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Buktaling, saman med Marie fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Flaskeopnaren - enkel men genial! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ikkje enkelt å nå ned på pedalane. Her er det Jørgen som får prøve fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Klovnen Knut hadde eit imponerande repertoar. Her sjonglering med ballar på etthjulssykkel fotograf Hallgeir Hove

Klovnen Knut imponerte!

Klovnen Knut vitja Stordal i går kveld og over 50 barn og omlag 30 vaksne let seg verkeleg imponere av alt det han fann på. Forestillinga var i dei flotte lokala til Stordal frivilligsentral.
Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.09.2011
Umiddelbart tenkjer nok dei fleste at ei forestilling som dette, er retta mot barna og dermed har ein som vaksen kanskje ikkje dei heilt store forventningane på førehand. Om nokon hadde slike tankar på førehand, vart dette verkeleg gjort til skamme.

I tillegg til at Klovnen Knut hadde ei eineståande evne til å få dei mange små til å storkose seg og leve seg med i forestillinga, var dette også særs kjekt for oss vaksne. Vi tør påstå at det er lenge sidan vi har opplevd ei så artig og gjennomført bra forestilling som dette.  
Forestillinga inneheldt både buktaling, tryllekunstnar, sjonglering og mykje anna flott og innimellom alt dette kom den eine treffande kommentaren frå klovnen. Ja, faktisk kom poenga og dei gode kommentarane så hyppig at ein verkeleg måtte vere skjerpa for å få med seg alle.
 
Klovnen Knut har over 30 års erfaring og dette er kanskje noko av forklaringa på den unike evnen han hadde til å få kontakt med publikum. 

Sjølv etter at forestillinga var over, tok Klovnen Knut seg god tid til å prate med barna og det var sjølvsagt spanande å få kikke nærare på det han hadde nytta av reiskapar o.l. 

Etter det vi kjenner til gjekk turen vidare til Brattvåg i dag og dei som finn vegen til forestillinga hans, vert garantert ikkje skuffa.

Det var elles veldig kjekt at det var så mange som møtte fram ved Stordal frivilligsentral denne kvelden og det er grunn til å hevde at lokala der høvde godt også til eit arrangement som dette.  

Vi kjem attende med fleire bilder på Barnas kommune si facebook-side med det aller første! Den finn du HER 

Meir om Klovnen Knut HER
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Nedre-Dyrkorn ein marsdag
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS