Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Atle Hole
Adrian Nakken og Thomas Kirkebø med pokalen fotograf Atle Hole
Fotograf: Stordal.nu
Stig Johansen har all grunn til å vere nøgd med årets sesong fotograf Stordal.nu
Fotograf: SN
Det er all grunn til å sjå fram til ein ny spanande sesong for denne gjengen fotograf SN

Stordal avlsutta flott sesong med finalespel i KM!

Herrelaget til Stordal IL har hatt tradisjon på å hevde seg godt i innandørsfotball. For nokre veker sidan kvalifiserte laget seg til nok eit sluttspel. Sist helg vart dette avvikla i Sykkylven og det skulle vise seg at laget nådde heilt til finalen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 29.11.2011

På Sunnmøre Fotballkrets si heimeside les vi fyljande: "Den store overraskinga var Stordal. Laget kjempa seg heilt til finalen etter taktisk smart spel. I finalen vart likevel SIF for sterke, men Stordal kunne juble fortent over sølv i KM". Sjå heile reportasjen, resultat m.m. HER

Atle Hole (Sunnmørsposten) via innsatsen til det unge stordalslaget endå meir plass i flott reportasje i papirutgåva si i går. (sjå denne vedlagt under) Der vart det ikkje minst framheva at laget spela teknisk god fotball og at laget har fleire einskildspelarar som held særs høgt nivå. Ein av desse er Thomas Kirkebø, som elles var så uheldig å bryte handa i finalen. Les meir om dette og anna frå sluttspelet også på fotballgruppa si nettside HER

Det var Skarbøvik som gjekk av med sigeren i ein finale der Stordal tok leiinga. I dagens utgåve av Sunnmørsposten kjem det elles også fram at to av dei fire måla Skarbøvik scora, burde vore annulerte, i og med at det var keeperen som kasta ballen i mål. Dette er ikkje tillatt etter regelverket for futsal. Det høyrer også med til historia at Stordalslaget slo nettopp Skarbøvik i kvalifiseringa til KM.

Uansett ein særs sterk prestasjon av det teknisk og taktisk gode stordalslaget og det er berre å gratulere med innsatsen både under KM og ikkje minst sesongen sett under eitt. Laget har scora heile 115 seriemål i år og spela underhaldande og flott fotball. Slik sett var prestasjonane sist helg, også eit verdig punktum for ein flott sesong.    

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Korsadal
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS