Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Lasse Berre
Odd Johan Overøye foto: Lasse Berre fotograf Lasse Berre
Fotograf: Hallgeir Hove
Odd Johan i aksjon i høve Helene Bøksle sitt besøk i Rosekyrkja i sommar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Marilyn Mazur, ei av mange storheiter, som har vitja Kyrkjehola Kulturbeite fotograf Hallgeir Hove

Kulturpris til Odd Johan Overøye

Odd Johan Overøye er tildelt Stordal kommune sin kulturpris for 2011. Han får prisen for sin store innsats innan musikalsk kulturarbeid både lokalt og i nasjonal samanheng.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 02.12.2011

Odd Johan har vore ein aktiv kulturarbeider frå unge år, som pianist. Han har vore med å skipa Stordal storband, arbeidd med å samle og gje ut lokal folkemusikk. Etterkvart markerte han seg som komponist, arrangør og akkompagnatør såvel nasjonalt som internasjonalt. Stordalssongen står vårt hjarte nær og det er også på sin plass å trekkje fram at det er nettopp Odd Johan, som har stått bak arrangementet til denne. (sjå lenke nedanfor) 

Sjølv om Odd Johan er mykje oppteken, både i stillinga si ved NTNU i Trondheim, samt mykje anna, har han via mykje tid på å bygge opp Kyrkjehola Kulturbeite. Der har han vore både initiativtakar og primus motor og med sin solide kjennskap til artistar og kunstnarar både nasjonalt og internasjonalt, har han også vore sentral i arbeidet med å få på plass dei særs flotte arrangementa der. Les meir om Kyrkjehola Kulturbeite HER Det er ikkje få timar han har lagt ned, sidan oppstarten i 2000.

Odd Johan er altså til dagleg førsteamanuensis ved NTNU - Institutt for musikk, i Trondheim. Han har si utdanning frå Trondheim og Los Angeles, samt private studiar hjå filmkomponisten Jack Smalley. Bli betre kjent med kulturprisvinnaren HER


Les meir om Odd Johan si rolle også i nokre av våre tidlegare reportasjar:

Den vakre konserten med Helene Bøksle i juni, HER 

Verdskjente Marilyn Mazur på plass i Rosekyrkja HER

Odd Johan si rolle i høve Stordalssongen HER

Odd Johan deltok under gudstenesta på julaftan i fjor HER 

For tida kan ein også oppleve noko av det Odd Johan har komponert ved Kunstmuseet KUBE i Ålesund. Det er installasjonen "Harpeberget", som også har vore presentert i høve Kyrkjehola Kulturbeite (førsteutgåva i 2007), ein kan få med seg der no. Les meir HER


Vi kjem attende med meir om når og kvar overrekkjinga vil finne stad. Det vil ikkje vere utenkjeleg om dette kan skje i samband med opninga av sommarprogrammet til Kyrkjehola Kulturbeite 2012.

Vi vil med dette nytte høve til å takke Odd Johan Overøye for den formidable innsatsen han har lagt ned og for sitt brennande engasjement for barndomsbygda si. Samstundes takkar vi for at han verkeleg har bidratt til å sette Stordal kommune på kulturkartet.

Gratulerer med tildelinga av Stordal kommune sin kulturpris 2011!

Les meir om kulturprisen og sjå kven som har motteke denne tidlegare HER

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Me-Skotet
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS