Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Hallgeir Hove
Ordførar Charles Tøsse utnemner Jenny som ambassadør for Barnas kommune fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Maria H Tøsse i koseleg prat med IDOL-vinnaren fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det vart stort medieoppbud i høve markeringa fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Anne Berit Løset takkar på vegne av Stordal skulekorps fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Særs populært å få autografen til vår nye stjerne fotograf Hallgeir Hove

Jenny heidra

I samband med skulen si juleavslutning i går kveld var det også lagt opp til ei markering der Jenny Langlo vart heidra for innsatsen sin i IDOL 2011. Som alle veit gjekk ho av med sigeren i konkurransen og både på grunn av dette og på grunn av alt anna ho står for, vart ho også utnemt til ambassadør for Barnas kommune!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 22.12.2011

Etter at det rekordstore publikummet (nærare 500) hadde hygga seg med Stordal skule si flotte juleavslutning og fått høve til å kjøpe seg kaker og kaffe i grendasalen, var det klart for det store høgdepunktet for kvelden. Rektor ved skulen, Bjørnar Midtbust hadde gleda av å introdusere Jenny for oss og i løpet av seansen vidare, fekk vi vere med på overrekkjing av diplom, blomster og ikkje minst sjokolade (!) til IDOL-vinnaren. Både rektor ved skulen og ordførar Charles Tøsse hadde mange lovord om Jenny og ordføraren hadde også gleda av å utnemne Jenny, som den første ambassadøren for Barnas kommune.

I høve heimkomsten til Jenny var det også lagt opp til eit intervju med ho. Dette var det Maria H Tøsse som tok hand om og slik fekk vi høyre meir om korleis IDOL-sirkuset hadde arta seg og om korleis det var for ho å endeleg vere heime.

Anne Berit Løset nytta også høve til å takke Jenny, på vegne av Stordal skulekorps. Jenny har tidlegare peika på kor stor betydning nettopp tida hennar i korpset har hatt, og i tillegg har ho bestemt seg for at overskotet av t-skjortesalet skal gå nettopp til Stordal skulekorps.

Ole Christian Hove hadde laga til ein flott presentasjon av film og bilder, slik at også Jenny og familien hennar skulle få oppleve den enorme stemninga og det flotte arrangementet her på sjølve finalekvelden, då Stordal "gjekk mann av huse"! Dette var sjølvsagt flott for oss andre å gjenoppleve. (Mykje meir om den store finalefesten på Nilsgardstunet finn de også i tidlegare reportasjar)

Jenny slapp heller ikkje denne kvelden unna autografskriving og makan til kø av forventningsfulle born og unge skal ein leite lenge etter. Når dei siste hadde fått sin autograf, er det grunn til å tru at Jenny no ser fram til ein velfortent juleferie saman med sine næraste. Det er nok ikkje lett å forestille seg kva belastning all viraken, spesielt etter at sigeren var klar, har ført med seg. No vert det voneleg nokre fredelege dagar framover.

Vi er sjølvsagt også veldig glade for at Jenny vil stille på også 5. juledag, i samband med songseminar og arrangementet "Stjerner i Stordal" i Stordalshallen. Les meir om dette i eigne reportasjar på nyhendesida vår.   

For meir om den flotte markeringa, viser ein til reportasjar både på NRK Møre og Romsdal og Sunnmørsposten sine nettsider. Truleg vil dette også få bra med spalteplass både i Bygdebladet, i Storfjordnytt og andre stadar.

Jenny Langlo hylla på hjemmebane (NRK Møre og Romsdal)

Hylla av sine eigne (Sunnmørsposten)


   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Naust i vårsol
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS