Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: TV2
Jenny Langlo vinnar av IDOL 2011! fotograf TV2
Fotograf: Storfjordnytt
Martine Lorgen Øvrebust, Noregsmeister 2012! fotograf Storfjordnytt
Fotograf: Hallgeir Hove
Vegard Busengdal har flest sigrar i FIS-renn av alle i Norge denne sesongen og snart skal han i akjson i NM for junior! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Mats Rune og Co har samla over 1 500 publikumarar. No er det Parken Kulturhus som står for tur! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Dagbladet
Stordal skule er landets beste, i fylje Dagbladet! fotograf Dagbladet

Stordal vert lagt merke til!

Det er kjekt å registrere at mykje av alt det positive som skjer i den lille kommuna vår vert lagt merke til rundt om. Den siste tida er det ikkje så reint lite vi stolt kan trekkje fram, ikkje minst innan kultur og idrett.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 30.03.2012

Det er sjølvsagt naturleg å starte med den eineståande prestasjonen til Jenny Langlo, som før jul gjekk heilt til topps i IDOL-konkurransen på TV2. Vi har tidlegare skrive mykje om dette og om du vil finn du det HER (i vårt arkiv, finn du også meir om korleis Jenny vart motteken då ho kom heim til jul!)

Vidare er det igjen grunn til å trekkje fram den eventyrlege suksessen til ungdomane bak musikalen "We Will Rock You". I skrivande stund held dette eventyret fram, med eiga oppsetting på Parken Kulturhus, laurdag 14. april! Les meir HER 

Kjekt er det også å få trekkje fram at Sivanja Naguleswaran vart teken ut til Landsfinalen av UKM i 2011. Dermed vart ho den fjerde ungdomen frå vår kommune som har opplevd dette. Frå før har både Kristina M R Stavseng, Maria Holand Tøsse og (sjølvsagt) Jenny Langlo vore med der. Les meir om dei alle saman HER

I tillegg til dette er det nok mykje meir vi kunne ha trekt fram, som t.d. gruppa Childs Play som m.a. har delteke på Raumarock ved fleire høve, dei mange andre songtalenta våre, dei mange talenta innan kulturskulen osv, osv.

Vi kjem heller ikkje her utanom å nemne at Dagbladet kåra Stordal skule til landets beste skule i 2011. Dette kan du lese meir om HER

Går vi så over til å trekkje fram dei mange dyktige idrettsutøvarane våre, og då kanskje spesielt innan vinteridrettane, vert dette endå meir imponerande. Her kan vi vise til ei rad reportasjar både denne sesongen og tidlegare, som syner at Stordal IL har ei unik mengde med talentfulle idrettsungdomar det knapt finst maken til. Nedanfor tek vi med ein del av desse, berre for å vise kva vi siktar til:

Bronsemedalje også til Kristiane!

Gode resultat også under senior-NM

Landets beste langrennsfamilie?

Flotte reportasjar i Spor

Bronsemedalje til Julie!

Joakim verdsmeister!

Sølv til Petter!

Martine med 2.plass under Ungdomsbirken

Tommy også til topps!

Endå fleire NM-medaljar til Martine!

Martine Noregsmeister!

Endå meir suksess i skiløypene!

Tommy klar for nye rekordhopp!

Nye toppresultat!

Martine Midt-Norsk mester!

Suksessen vil ingen ende ta!

Ingrid med bronse i NM!

Historisk siger til Vegard!

Vegard også utteken til å køyre Europacup!

Erika teken ut til å køyre Europacup-renn!

På tilsvarande vis kan vi vise til ei rad reportasjar frå sist sesong, der den eine etter den andre kan vise til strålande plasseringar. Kikk gjerne i nyhendearkivet vårt HER så finn du dei, alle saman. Vi tek likevel med ein av desse her, for å få fram at det slett ikkje er slik at Stordal IL berre har fokus på å få fram toppane. Laget kan vise til ei breidde som er rett og slett imponerande. Les meir om dette, då både Sunnmørsposten og NRK Møre og Romsdal laga reportasjar herifrå sist sesong. Sunnmørsposten sin reportasje HER og NRK M&R sin reportasje HER

Avisa Sunnmøringen (på Stranda) har nyleg også via dette merksemd i ein eigen flott reportasje der både ordførar Charles Tøsse og idrettsungdom er intervjuva. Det er kjekt å kunne legge denne ved her. Sjå pdf-utgåva nedanfor. Det som også er kjekt med denne reportasjen, er at den får fram at det faktisk også finst tilbod til dei som ikkje nødvendigvis tek mål av seg til å ende opp på sigerspallen eller i ein IDOL-finale! 

Også underteikna vart utfordra til å kome til NRK sitt studio i Ålesund for å fortelje meir om mykje av dette og merka då fort at tida på langt nær strakk til. Om du vil høyre dette innslaget, finn du også det nedst i denne reportasjen.   

Det er liten tvil i at vi har ein fantastisk flott ungdom i denne kommuna vår og dei gir også uttrykk for at dei er stolte over å høyre til her. No er det sjølvsagt viktig å få fram at det kan vere ting vi ikkje er like flinke på, men vi kan likevel ikkje la vere å peike på alt dette umåteleg positive som skjer! 

Imponert og stolt over å vere stordaling!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Ikkje lett å ta bilde frå Stordal sentrum uten å få med kailageret! | Fotograf: Bjørnar Midtbust
Eit sentrumsbilde
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS