Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Vigdis Hove Øie
Jubel i stordalsleiren, etter at opprykket til 4. divisjon var eit faktum! fotograf Vigdis Hove Øie
Fotograf: John Øie
Trenar Stig Johansen gjer ein god jobb. Kjekt at han får trene eit 4. divisjonslag neste år! fotograf John Øie

Opprykk til Stordal!

Ein særs spanande kamp mot Vartdal IL på Kirkebø stadion i går kveld, enda til slutt med siger 3-2 til Stordal. I og med at dei to laga kjempa om opprykk til 4. divisjon, vart dette også ein rein opprykksfinale. Det var godt med publikum på plass og dei kunne juble saman med stordalslaget, etter at opprykket var sikra.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.10.2012

Etter fem sesongar er det no på ny klart for 4. divisjonsspel for gultrøyene. Etter å ha tapt kampen om opprykk med knappast mulig margin dei siste åra, smakte sjølvsagt dette opprykket ekstra godt.  

Sjølv om Stordal leia 1-0, etter tidleg scoring av Kenneth Søvik, var det faktisk lenge Vartdal, som låg an til opprykk. Laget gjekk nemleg opp i leiinga 2-1. Men ein solid sluttspurt og to kjappe mål av Jon Espen Joranger og Bjørnar Kvamme, heilt mot slutten av kampen, vart heldigvis avgjerande.

Les meir om opprykkskampen (og få med deg fleire bilder) på fotballgrupa si heimeside

Vi gratulerer Stordal IL med opprykket!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Mot Almås
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS