Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Vigdis Hove
Her ser vi gjengen som tok heim KM-tittelen! fotograf Vigdis Hove
Fotograf: John Kristian Hjelle
Det vart mange mål på Kjetil H Tøsse også under Norway Cup i sommar! fotograf John Kristian Hjelle
Fotograf: Privat
Åge Maridal (bildet), saman med Charles Tøsse, kan sjå attende på ein strålande sesong fotograf Privat

Stordal IL G 16 kretsmester i Futsal!

Ein kan med rette hevde at 2012 har vore litt av ein jubel-sesong for fotballen i Stordal IL. Opprykkk til 4. divisjon for A-laget, strålande innsats av både J 16 og G 16 både under Norway Cup og også elles og eit enormt aktivitetsnivå og flotte prestasjonar. Men ikkje nok med det. Sist helg tok G 16 laget like godt også KM-tittelen i Futsal! 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 21.11.2012

Det var i Strandahallen, sist søndag, det heile vart avgjort. Etter å ha gjennomført ei strålande innleiing av turneringa og der også det gode laget til Langevåg IL (førehandsfavorittane) vart sett på plass i semifinalen, stod Volda på andre banehalvdelen i finalen. I ein rett så spanande finale, var det Stordal som gjekk sigrande ut, med 3-2. Åtte strake sigrar, seier også sitt om prestasjonen til gutane!

Kjetil Holand Tøsse vart elles også toppscorar i turneringa med imponerande 16 mål! 

Med denne sigeren vart også gutane på sett og vis historiske, i og med at dette er den første KM-tittelen i Futsal, nokon sinne til klubben.

Vi minner elles om at G 16 - laget også vart seriemeistrar i 2. divisjon både på vår- og haustsesongen!  

Det er berre å gratulere både spelarar støtteapparat og trenarane til laget, Åge Maridal og Charles Tøsse med KM-tittelen!

No er det elles også på sin plass å nemne at A-laget tok seg lett vidare til sluttspelet i Futsal, etter å ha vunne alle sine kampar i Stordalshallen (også det sist helg) Meir om dette med det aller første. I fjor enda laget opp i finalen, så også her kan det bli endå meir å juble for!!

Sjå gjerne vår tidlegare reportasje om strålande innsats under Norway Cup 2012  

Sjå gjerne vår tidlegare reportasje om Stordal IL sitt opprykk til 4. divisjon!

Suksessen også fotballspelarane i Stordal IL opplever for tida, føyer seg også fint inn i det vi tidlegare har peika på, nemleg at Stordal vert lagt merke til!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Rosekyrkja
Rosekyrkja
Levert av ACOS AS