Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Privat
UKM 2013 - arrangørane i 10. klasse fotograf Privat
UKM - 2013
UKM - 2013
Fotograf: Pressefoto
IDOL-vinnaren vår er klar på at også UKM har betydd mykje for karriera hennar fotograf Pressefoto
Fotograf: Hallgeir Hove
Lokalmønstringane i Stordal er av beste merke! fotograf Hallgeir Hove

Stordal, verkeleg ei UKM - kommune!

Som tidlegare år, er det 10. klasse ved Stordal skule som arrangerer lokalmønstringa av UKM. Dei er for lengst i gong med førebuingane, dato for mønstringa er bestemt og dei har m.a. også etablert eiga side på facebook. Fleire har alt meldt seg på og no bør du også gjere det same! Les meir om både UKM og om mykje anna stort ungdomen vår står bak!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 14.12.2012

Det er ikkje til å legge skjul på at UKM har fått ein viktig plass i Stordal kommune. Arrangementa dei seinare åra har vore rett og slett imponerande. I tillegg til at dette først og fremst skal vere ein stad der ungdomen får synt fram kva dei interesserer seg for og at UKM så absolutt er for alle, kan Stordal kommune også skilte med å ha hatt deltakarer med i det ein kan kalle for Landsfinalen heile fem av dei sju siste åra! Truleg er det ingen andre som kan vise til liknande og tek ein med at vi tel knappe tusen innbyggjarar, er dette eineståande.

Intererssa for å delta på UKM er stadig aukande og det er ikkje til å legge skjul på at det å stå på scena er ekstra populært. Naturleg nok har suksessen til Jenny Langlo hatt mykje å seie, men også før ho er det fleire som har vist veg. Ikkje minst tenkjer ein då på Maria H Tøsse. I tillegg til at også ho kom til semifinalen i IDOL og at ho har gjort sine saker bra både i X-Factor og Det Store Korslaget, har ho også engasjert seg mykje i å få til songseminar fleire gongar i året og det i ei årrekkje. I tillegg må vi nemne at Kristina M R Stavseng og søstrene Sivanja og Virusha Naguleswaran har vist veg her. 

Om få dagar er Stordal skule klare med ei ny flott juleavslutning og også desse, og det skulen elles står for, har utvilsamt også betydd mykje for at det er så mange som både ynskjer og gler seg til å stå på scena. Stordal Kulturskule spelar også ei sentral rolle her. I ein slik samanheng er det naturleg også å trekkje fram den jobben Stordal Barnerkor gjer for å fostre songtalent, samt dei mange muligheitene ungdom har til å stå på scena på arrangement i regi av ungdomsklubben, hornmusikken og skulekorpset. Her er det både fristande og heilt naturleg også å trekkje fram det vi omtala som Tidenes suksess, tidlegare i år! Ja truleg er det endå meir som burde vore trekt fram her og alt dette, i tillegg til at vi er så heldige å ha slike talentfulle barn og unge, er viktige medverkande årsaker til både den store interessa og til dei flotte resultata.  

No er altså ei ny 10. klasse klar til å gjennomføre lokalmønstring her og ser ein på alt det utruleg flotte som skjer for tida, der ungdom er i sving, samt tidlegare mønstringar, er det all grunn til å gle seg for oss som skal få med oss det heile.

Dei dugande ungdomane i 10. klasse er no sjølvsagt opptekne av at folk flest melder sin ankomst til lokalmønstringa på facebook og gjerne at ein inviterer andre med, i tillegg. Ikkje minst ynskjer dei sjølvsagt også at flest mulig melder seg på til mønstringa og igjen er det viktig å peike på at UKM er for alle og at dette først og fremst er ei MØNSTRING og ikkje ein konkurranse!  

LOKALMØNSTRINGA AV UKM VERT ARRANGERT I STORDALSHALLEN, SØNDAG 17. FEBRUAR KL 18.00! MERK AV DATOEN PÅ KALENDAREN DIN! 

Og til deg som har lese det vi har trekt fram her; Ta deg tid til eit tilbakeblikk på tidlegare lokalmønstringar og  meir til. Om du ikkje vert imponert av dette, så veit ikkje eg!   

Om det er mulig å bli endå meir imponert etter dette, kan vi anbefale denne!!

I vårt nyhendearkiv vil du finne endå meir! Kjekt å sjå attende på slikt!

No var det i utgangspunktet UKM dette skulle handle om, men på sett og vis heng det saman alt dette her, og fellesnemnaren er som tidlegare: Vi har eineståande barn og unge her i Stordal - Barnas kommune!!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

josetra
josetra
Levert av ACOS AS