Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Martine til topps på Hovedlandsrennet!

Sist fredag kunne vi melde at Martine Lorgen Øvrebust hadde teke ein imponerande bronsemedalje i sprint, på Hovedlandsrennet i langrenn. Men tru ikkje at det stoppa med det. På laurdagens 5 km i friteknikk, gjekk ho like godt heilt til topps og det med heile 19 sekunds margin!    

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.03.2013
Fotograf: Astrid Eide Stavseng
Gullljenta kan trygt koste på seg eit stort smil! fotograf Astrid Eide Stavseng

Med både gull og bronse på Hovedlandsrennet denne gongen, stadfestar Martine nok ein gong at ho er best av alle 16 åringane i heile Norge. Les gjerne reportasjen vår frå i fjor her! Når ho denne gongen kjem i mål heile 19 sekund føre neste løpar på resutlatlista, er dette nærast for utklassing å rekne. Det er på sin plass å peike på at det var i konkurranse mot dei 113 beste langrennsjentene i Norge, Martine presterte dette. Mindre imponerande vert ikkje dette, når vi veit kor utbreitt langrennssporten er t.d. i Trøndelagsfylka og på Austlandet. At langrennssporten står sterkt i Norge, samanlikna med resten av verda, har vi nyleg også fått stadfesta!

Med resultata Martine har oppnådd, viser ho igjen at det er fullt mulig å nå toppen sjølv om ho kjem frå ein relativt sett liten klubb og frå eit fylke som ikkje nødvendigvis har dei optimale klimatiske forholda. Ei veldriven langrennsgruppe, satsinga kring kretslaget og dei gode treningsmuligheitene her, er nok noko av forklaringa bak suksessen. Men viktigst av alt er nok det særs målretta og ihuga treningsarbeidet Martine legg ned.

I dagens utgåve av Sunnmørsposten kan vi også lese at Martine er tildelt det prestisjetunge Nærbakst-stipendet. Dermed mottek ho utmerkinga, som første gong (2002) vart delt ut til ingen ringare enn Petter Northug! I tillegg til resultata Martine kan vise til, både under Hovedlandsrennet og Ungdommens Holmenkollrenn/Oslo Skifestival (ho vann begge distansane!) talte også dei gode haldningane hennar med, når det var nettopp ho som vart velt ut.

Gratulasjonane går til heile langrennsmiljøet i Stordal IL, til trenar Pål Bjørn Øvrebust og ikkje minst til gulljenta sjølv!

GRATULERER! 

Sjå også reportasjen frå fredagens bronseløp!  

Sjå resultatlista frå laurdagens 5 km friteknikk her!

Reportasje etter gulløpet i Sunnmørsposten her 

Nettsida til Hovedlandsrennet på Savalen her 

Reportasje på nettsida langrenn.com

Reportasje på nettsida til skikretsen her

Les gjerne også reportasjen om Martine som dobbelt Midt-Norsk mester!

Fyl langrennsgruppa på facebook! 

 
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

stordal flyfoto 002
stordal flyfoto 002
Levert av ACOS AS