Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Joakim Helgesen deltok i gruppa Successful Failure frå Giske, som framførte "Hallowed Be Thy Name" fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Her er deltakarane våre til lunsj. F.v. Jenny M Sørås, Mathilde V Øvrebust, Amalie J Dyrkorn, Julie O Almås og Amalie E Hove fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Mathilde V Øvrebust (song) og Julie O Almås (gitar) framførte Mathilde si eiga låt "Forget me" fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Amalie Ekroll Hove med låta "Mercy" fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Jenny Marita Sørås framførte låta "All by myself" fotograf Bjørg Jacobsen

Flott innsats på fylkeskulturmønstring!

Denne helga har ungdom frå heile fylket vore samla i Sunndal for å delta på fylkesmønstringa av UKM. Heile 360 unge har fått synt fram sitt talent, både på scena i form av utstillingar og mykje anna. Deltakarane frå Stordal har også all grunn til å vere nøgde med innsatsen.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 22.04.2013

UKM vert som kjent arrangert på tre forskjellige nivå, der lokalmønstringane rundt om i kommunane på sett og vis er viktigst av dei alle. Vi har særs gode erfaringar med desse lokalmønstringane her i Stordal og også årets mønstring ser vi med glede attende på!    

I eigen reportasje har vi tidlegare også presentert dei som gjekk vidare frå den flotte lokalmønstringa her. 

Det er all grunn til å hevde at alle deltakarane herifrå gjorde framifrå innsats på fylkesmønstringa. I tillegg til jentene herifrå, var også Joakim Helgesen med og då som vokalist i gruppa Successful Failure frå Giske kommune. Om du enno ikkje har fått med deg dei flotte innslaga, har du høve til det her:

Jenny Marita Sørås: "All by myself"

Amalie Ekroll Hove: "Mercy"

Mathilde Vinje Øvrebust og Julie Olsen Almås: "Forget Me"

Successful Failure: "Hallowed Be Thy Name" (repr. Giske kommune)

I tillegg til sceneinnslaga, stilte både Amalie Jacobsen Dyrkorn og Emilie Sylte Hove med dei flotte fotografia sine på kunstutstillinga. Meir om dette og mykje anna, på nettsida til UKM. 

Om kort tid vil det også bli klart kven det er som får æra av å representere Møre og Romsdal under Landsmønstringa, eller UKM Festivalen 2013 som den eigentleg heiter. Denne vil finne stad i Larvik i dagane frå 23. juni til og med 27. juni. Vi har tidlegare peika på at det har vore med ungdom frå Stordal under heile fem av dei sju siste Landsmønstringane! (berre så det er nemt, her og..)

Som vanleg har Fylkesmønstringa fått mykje mediedekning, noko som gjer at ein kan få eit ganske så bra inntrykk av kor imponerande det er det ungdom i Møre og Romsdal er god for. På NRK Møre og Romsdal sine nettsider finn ein m.a. denne reportasjen. (her er også linkar til det meste av det som er verd å få med seg frå den suverene helga i Sunndal)

På Sunnmørsposten si nettside finn ein også eit flott bildegalleri frå mønstringa. 

Samtlege sceneinnslag er samla under denne lenka.

Vi har lagt ut endå fleire bilder i eige galleri på Barnas kommune si facebook-side.

Her finn du eit ganske så eineståande bildegalleri frå helga, som i tillegg til alle filminnslaga og alt det andre dei mange dyktige unge stod bak, verkeleg viser kva som bur i dei! Imponerande! 

Vi nyttar høve til å gratulere alle som var med og bidrog til denne suverene mønstringa og ynskjer lykke til vidare både til våre eigne og alle dei andre!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Andersselet på Kvitlane
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS