Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Endgame fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
John Åge Giske fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Successfull Failure fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Silje Titlestad, Mathilde Marken Smenes og Sunniva Hatlen Dyrkorn frå Ørskog fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
DJ Rabben fotograf Bjørg Jacobsen

Sommartrøkk for aller første gong!

Etter initiativ frå musikkinteresserte ungdommar i Stordal, vart det sist helg arrangert Sommartrøkk. Dette var ei utandørs utgåve av Stordalstrøkk, som Stordal ungdomsklubb har arrangert i ei årrekkje.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 25.06.2013

Ungdomsklubben var arrangør også av Sommartrøkk - som gjekk føre seg ved Kirkebø stadion. Det var rigga stor utescene og telt, og scena var stilt til disposisjon for fleire band og musikarar frå distriktet. Alle artistane gjorde ein utruleg flott jobb frå scena og publikum kosa seg i midtsommarnatta. I tillegg fekk tilhøyrarane oppleve DJ Rabben, som avslutta det heile.

Les meir om artistane i førehandsreportasjen

Fleire bilder frå det flotte arrangementet på Barnas kommune si facebookside (alle fotos, Bjørg Jacobsen)

I tillegg til artistane skal sjølvsagt også dei mange andre som var med å gjere dette arrangementet så flott, ha skryt. Ikkje minst gjeld dette dei som tok seg av lyd og lys. Det vart ikkje få timar på Jarle Helgesen denne gongen heller og med seg hadde han Robert Iversen (på lys). I tillegg var Jonny Titlestad og Jan Roger Hauge gode å ha med seg på laget. Både lyd og lyssettinga var av ypperste merke!

Arrangørane hadde håpa på at fleire tok turen innom og om årsaka var sommarferien eller litt grått ver, veit vi ikkje, men to ting er sikkert: Dei som ikkje var tilstades gjekk for det første glipp av eit supert arrangement! I tillegg sender dei på denne måten også sine klare signal til både dei unge og dei vaksne som står på i time etter time, for å få til slike ungdomsarrangement.  Verdt å reflektere over?

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Junidag ved Kleivavatnet
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS