Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: WWRY
Klart Robin vart med, når det var snakk om å få til rocke-musikal! Korleis det gjekk, kjenner dei fleste! fotograf WWRY
Fotograf: Stordal.nu
Ung kaptein på Stordal sitt A-lag i fotball fotograf Stordal.nu
Fotograf: Hallgeir Hove
Robin som uteliggar i bandet han var med på å starte opp i november 2006 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Robin var sentral i høve den flotte minnemarkeringa (juli 2011). Her saman med Mathilde V Øvrebust fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Klart Robin (midten bak) ville vere med og bidra til at Stordal kunne ha sine eigne trampolineinstruktørar! (2004) fotograf Hallgeir Hove

Stordal kommune sitt kulturstipend tildelt Robin Aasen

Ved tidlegare tildelingar har vi peika på at det å verte tildelt Stordal kommune sitt kulturstipend, er noko som heng høgt. Stipendet er blitt delt ut kvart år sidan 2002 og det er liten tvil i at også Robin Aasen er ei slik utmerking verdig. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 26.11.2013

Før vi presenterer kulturstipend-mottakaren nærare, kan det vere greit å ha teke med meir om både bakgrunnen for opprettinga av kulturstipendet og kva som vert lagt vekt på, når kandidatane vert veld ut. I vår førehandsreportasje kan ein lese meir om dette og ikkje minst få ei oversikt over dei som er blitt tildelt utmerkinga tidlegare. Det er liten tvil i at Robin Aasen er i godt selskap!   

Musikk

Sjølv om kulturstipend-mottakaren er ein allsdig kar, er det nok rett å hevde at dette med musikken har vore den store lidenskapen hans. Robin synte tidleg at han hadde eit stort talent for musikk generelt og piano spesielt. Det heile starta med piano, der ikkje minst ein særs pianointeressert far også hadde stor innverknad. Fleire år ved kulturskulen vart det og etterkvart, og dermed fekk publikum høve til å få med seg dei musikalske ferdigheitene hans. 

I søken etter vidare utvikling innan musikken, starta Robin også å spele gitar. I bandet som i byrjinga kalla seg "Marius and the Outliggers" (etablert i 2006), seinare omdøypt til, "Childs Play", sjonglerte Robin mellom piano og gitar. Dette bandet gjorde sine saker særs bra og spela m.a. fleire gongar i samband med Raumarock.

I tillegg har Robin vore med i samband med ei rad ulike kulturarrangement i Stordal. Her nemner vi m.a. Årsfestar for Stordalshallen, konsertar i regi av hornmusikken, kulturkveldane 17. mai, førjulskonsertane i Stordal kyrkje og i mange liknande samanhengar.

I samband med musikalsuksessen "We Will Rock You", var Robin naturlegvis også sterkt delaktig m.a. på keyboard i bandet.

Saman med Maria Holand Tøsse og Adrian Hoff, var det han som også skal ha mykje av æra for den flotte minnemarkeringa ved Almenningen (juli 2011).

Fotball

I tillegg til den store interessa for musikk - og alt det han har fått utretta der - er det heller ikkje til å legge skjul på at Robin også har gjort sine saker bra på fotballbana. I fleire år var han kaptein på laget som spela i 4. divisjon og var verkeleg ein flott frontfigur for laget, både på og utanfor bana. Skadeproblem medførte at han vart tvungen til å trappe ned, noko mange med oss naturlegvis beklagar sterkt.   

Dugnad

Når vi skal omtale mottakaren av årets kulturstipend, kjem ein heller ikkje utanom den innsatsen han har lagt ned for andre. Då tenkjer vi mellom anna på at andre har fått høve til å framføre songen og musikken sin og drege nytte av alt det Robin har tileigna seg av kunnskap. Dette både i samband med Barnas kommune sine sommarprogram, som lydansvarleg under skulen sine flotte juleavslutningar og ved andre høve. Vi tenkjer sjølvsagt også på dei mange flotte opplevingane vi har fått vere med på i løpet av alle desse åra, både med Robin som frontfigur eller der han har akkompagnert for andre.

I tillegg legg vi gjerne til at Robin har stilt opp på dugnad også i mange andre samanhengar, anten det er behov for hjelp til å få rigga opp lydanlegg, behov for trampolineinstruktør eller anna. Han var nemleg sjølvsagt også ein av dei som meldte seg når vi trengte å få på plass nye instruktørar til trampolina i 2004.


Brenn for heimbygda! 

Når vi no har prøvd å synleggjere noko av bakgrunnen for tildelinga, er det truleg endå meir som burde vore nemt og dette er altså knytta til det han har bidratt med, inn mot kulturlivet i Stordal, fram til 2013.  

Men like fullt kjem vi heller ikkje utanom å trekkje fram den enorme innsatsen han har lagt ned også dette siste året. Ikkje minst då i samband med CD-prosjektet til Stordal Barnekor. Rett nok er dette også for jobb å rekne, etter at han dette året faktisk etablerte eige lydstudio i Stordal! Men like fullt er vi veldig klar over at det er ein god porsjon med dugnadsinnsats også i dette prosjektet. Berre det å satse på eige lydstudio her, seier det meste om kor mykje Robin brenn for heimbygda si. På denne måten vil han kunne halde fram med å bidra til at born, unge og andre med dei, får høve til å utvikle ferdigheitene sine vidare. Tenk berre på kor stas det er for barnekoret å no ha fått laga seg eigen CD. De skal ikkje tvile på at dei er stolte!  

Tru heller ikkje at det stoppar der. Robin er også i full gong med eit prosjekt der han, i samarbeid med sogenemnda, intervjuar eldre i Stordal. På den måten bidreg han også til at viktig kulturhistorie vert gjort kjent for både oss og våre etterkomarar. 

Saman med eit knippe særs dyktige musikalske vener har han også vore sentral i etableringa av Stordal Dansebandforening. Sjølv om dette er ei gruppe som kanskje ikkje får alt for god tid til å øve saman, er det iallefall sikkert at dei kan sine saker. Ekstra stas er det sjølvsagt også at dei har røtene sine i Stordal, alle som ein.

Robin har nyleg også fullført ein bachelorgrad innan musikk i Volda og er no i full gong med lærarutdanning i Sogndal, noko som sjølvsagt ikkje gjer alt det han får utretta mindre imponerande! 

Som avrunding på denne presentasjonen av årets kulturstipendmottakar, høver det seg å sitere frå det fjerde verset i Stordalssongen, der det står slik:

"Så skal bygda framleis fager bløma, fostre søner dugande i ferd, fager ungdom som kan kaste søme, over heim og bygd i all si gjerd" 

Gratulerer med vel fortent kulturstipend, Robin! 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Dyrkorn 3
Dyrkorn 3
Levert av ACOS AS