Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Hallgeir Hove
Fem spente jenter utanfor NRK-studio fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Pål Kristian (t.v.) og Håvard Ketil med kjapp briefing, før sending fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Pål Kristian fekk også høyre meir om bakgrunnen for den fine boka om prosjektet fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Fornøgde representantar for Stordal Barnekor, etter å ha vore med på direkten fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Velfortent pizza på dei dyktige songarane i etterkant fotograf Hallgeir Hove

Charis på NRK i dag!

Dei fem jentene i Charis har i ettermiddag vore med på ettermiddagssendinga til NRK Møre og Romsdal. Saman med leiar i koret, Ragnhild Fauske, var dei invitert i studio, for å fortelje meir om det flotte CD-prosjektet til Stordal Barnekor. Sjølvsagt måtte dei også framføre noko av innhaldet på denne.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 13.12.2013

Det var fem spente jenter som hasta frå tentamen ved Stordal skule og utover til studioet til NRK Møre og Romsdal i ettermiddag. Når jentene, saman med Ragnhild, ankom NRK rakk dei kun få ein kjapp briefing av dei dyktige programleiarane Pål Kristian Lindseth og Håvard Ketil Sporsheim og så var dei brått på lufta.  

Jentene fekk fortelje at dei hadde vore med i barnekoret sidan dei var 3-4 år og at dei, etterkvart som dei vart større, kom med i koret som altså kallar seg Charis. Ragnhild fekk fortelje Pål Kristian meir om CD-prosjektet og sjølvsagt om arbeidet med Stordal Barnekor elles.

Når ein skulle plukke ut kva ein skulle synge i studio, var det ikkje enkelt, med så mange flotte songar å velje mellom. Valet fell på "Deilig er jorden" og den vart framført på vakkert fleirstemt vis, som vanleg. Frå CD´n spela også Pål Kristian Lindseth låta "Fred på jorden". Lindseth ville gjerne også høyre meir om boka som er laga i samband med CD-prosjektet og fekk då høyre litt av historia om fire år gamle Ingrid (ein av dei yngste i barnekoret), som på sett og vis "hadde skulda" for at det også vart ei flott bok i tillegg til CD´n. Då var det også naturleg at nettopp songen "Tenn lys" der Ingrid Hove Bull er solist, kom med i sendinga.

Representantane frå Stordal Barnekor gjorde flott innsats i studio og dei to programleiarane var tydeleg imponerte over det dei fekk høyre. Akkurat det føler vi oss rimeleg trygg på at også radiolyttarane, både i Møre og Romsdal og elles, er. Om du ikkje fekk med deg NRK-sendinga i ettermiddag, finn du den her.  Skikkeleg flott!

Ei stor oppleving for jentene, som for tida nærast har opplevelsen av å vere på turné, der dei i går song for pensjonistar frå Skodje ved Nilsgardstunet, i dag altså i NRK-studio og i morgon er det så førjulskonsert i Stordal kyrkje på programmet. Tek vi ikkje feil, vil vi også få høyre dei på julaftan i kyrkja og rett etter nyttår er dei også klare til å synge saman med Sunnivakoret under nyttårskonserten dei skal ha i Stordalshallen. 

I tidlegare reportasjar har vi kome nærare inn på dette suverene prosjektet, der Robin Aasen ved Playground Studio i Stordal, må vere med og dele på æra for at dette har blitt så bra.

Ragnhild Fauske kan fortelje at salet av CD´n har gått strålande og så langt ho har oversikt, har ein for lengst passert 500 solgte eksemplar. For den som enno ikkje har sikra seg dette meisterverket av ein CD, med dei vakraste julesongane ein kan tenkje seg, er det all grunn til å vere om seg no. Med studiobesøket til jentene i Charis i dag, vil nok ikkje interessa for CD´n verte mindre.

Både CD og bok kan du kjøpe ved COOP Stordal, JOKER Stordal, BEST Stordal og ved Stordal Frivilligsentral. Om du er på Amfi Moa finn du begge deler også hjå Bok&Media


   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Ole-Andre Vidhammer
Stordal småbathamn
Ole-Andre Vidhammer
Levert av ACOS AS