Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Publisert 19.06.2019
Stordalscup - foto frå Fjelladalen

I skrivande stund, er det berre to dagar att til folkefesten over alle folkefestar startar opp. Vi tenkjer naturlegvis på Stordalscup og som tidlegare peika på, er dette den 39. utgåva! Også denne gongen kan arrangørane gle seg over god deltaking på fotballturneringa og i tillegg vert sals - og utstillingsmessa rekordstor denne gongen. For alle som har vore med på Stordalscup, veit ein at det er så uendeleg mykje flott å få oppleve. Når det i tillegg også er gratis inngong, kan det vel knapt bli betre, eller?  

Publisert 12.06.2019
Stordalscup 2019 - program, forside

I skrivande stund vert programmet for den 39. utgåva av Stordalscup, sendt til trykking. Det er no berre 9 dagar att til det brakar laus. Noko av alt det som skjer då, er den store fotballturneringa for aldersbestemte lag. Om det er lag som enno ikkje har fått meldt seg på, kan det vere greit å vite at fristen er utvida til fredag 14. juni kl 20.00.

Publisert 07.06.2019
Valldal Hytteservice - logo/skilt

Som det framgår av namnet, er det Valldal som er base for denne spennande verksemda. Det er Håvar og Ivar Normann Heggen som driv Valldal Hytteservice og i bunn og grunn kan dei stå til teneste med det aller meste når det gjeld bygging og vedlikehald av hus, hytter og andre byggverk og sjølvsagt då ikkje berre i Valldal.

Publisert 06.06.2019
Låssenteret AS - logo

Det er stadig like attraktivt å vere Stordalshallen sin samarbeidspartnar og blant dei verksemdene som kjem med no, finn vi også Låssenteret AS. Vår nye samarbeidspartnar er m.a. det største frittståande TrioVing sikkerheitssenteret i Norge.

 

 

 

Publisert 05.06.2019
Vikasetra.jpg

Torsdag 6. juni gå vekas tur til Vikasetra i Fjørå. Setra ligg på sørsida av av Tafjorden, og det blir organisert båtskyss (påmelding). Nytt høvet til å kome deg dit!

Klikk "les mer"

Publisert 04.06.2019

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,6 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2019. Her finn du viktig informasjon vi har motteke frå tilsynet, som vi gjerne deler.

Publisert 31.05.2019
Per Christian Ellefsen

Vi har nettopp annonsert at vi er så heldige å få besøk av Audun Myskja, i veke 24. No kan vi - i tillegg - gle oss over at Mental Helse Stordal har fått ja frå Per Christian Ellefsen, m.a. kjent frå filmtriologien om "Elling". Han vil halde foredrag i Stordalshallen i høve Verdensdagen for psykisk helse, søndag 29. september.

Publisert 29.05.2019
Dyrkorn.jpg

Måndag 3. juni er det vekas tur att. Oppmøte på Dyrkorn kl 18. Turen startar frå kaia og går langs bygdevegen til gamleskulen. Den ligg på om lag 150 moh. og blir brukt til grendahus. 

Publisert 28.05.2019
rugging.jpg

Torsdag 30. mai er vekas tur ein del av Fjørå Helselag sin Hjartemarsj til Ruggå. Parkering og start frå parkeringsplassen på Hauge, øvst i Fjørå, kl 12-13.

Publisert 27.05.2019
kjellsura.jpg

No er det vekas tur på måndag også. Måndag 27. mai kan du bli med på ei spennande kulturhistorisk vandring til ura som har vore boltreplassen for barn i Dale i generasjonar. Oppmøte ved prestegarden i Norddal kl 1800. Kjellsura er også StikkUT!- turmål.

Publisert 24.05.2019
vardefjellet.jpg

Torsdag 23. mai går Vekas tur i Fjord kommune til Vardefjellet i Valldal. Her er det flott utsyn til fjord og fjell, frå Tafjordfjella i aust til Slogen og Sunnmørsalpane i vest. Oppmøte på Klovset kl 1800.

Publisert 24.05.2019
fruktblomstring-pa-linge.jpg

Torsdag 16. mai er det vekas tur att. denne gongen ein rundtur mellom frukttre på Linge. Bli med på tur og nytt høvet til å gjere deg kjent i bygdene i nye Fjord kommune!

Publisert 24.05.2019
Loesetnakken_lightbox_full_screen.jpg

No er vi i gang med Vekas tur i Fjord kommune - og første tur går til Løsetnakken, øvst i Stordal, torsdag 9. mai. Nytt høvet til å gjere deg kjent i bygdene våre.

Torsdag 9. mai kl 1800 går turen til Løsetnakken. Oppmøte og parkering på lunneplassen litt ovanfor for gardane på Løset, øvst i Stordal.

Publisert 08.05.2019
17. mai 2016 - tog på Dyrkorn

Feiringa av 17. mai er eit av årets store høgdepunkt for både store og små og vi kan med rette hevde at markeringane er flotte, også i vår kommune. Både på Dyrkorn og i Stordal er det på ny klart for storstilt feiring og begge stadar fyl ein malen frå tidlegare år.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Stordalselva
Stordalselva
Levert av ACOS AS