Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Representerte Stordal kommune på utmerka vis!

Sist helg var nærare 400 unge, frå heile Møre og Romsdal, samla i Eide kommune for å delta på fylkeskulturmønstringa (UKM). Deltakarane frå Stordal gjorde sine saker særs bra og representerte kommunen vår på beste vis.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 31.03.2014
Fotograf: Hallgeir Hove
Gruppa Jarm og dei andre deltakarane frå Stordal kommune gjorde flott innsats under fylkeskulturmønstringa. (bildet er frå lokalmønstringa) fotograf Hallgeir Hove

Det er liten tvil i at UKM står sterkt i Møre og Romsdal, der ei påmelding på nærare 2 000 born og unge gir fylket vårt ein sterk tredjeplass på landsbasis. Deltakinga i Stordal kommune (på lokalmønstringa) er truleg på landstoppen, når ei ser det heile i høve til innbyggjartalet. 

I løpet av dei tre dagane fylkeskulturmønstringa varte, måtte det heile sju scenforestillingar til, før alle hadde fått framført det dei skulle. I tillegg var det m.a. også flott kunstutstilling, der som kjent både Rebekka Helland og Eirin Renate Reide Vik var representert med hhv flott fotografi og teikning. Sjå vår førehandsreportasje for meir om både kunstobjekta og anna.

Her er innslaga framført av våre deltakarar. Nyt!

Amalie Ekroll Hove - "Make You Feel My Love" 

Hanna og Jenny Sørås - "Another Empty Bottle"

JARM - "Royals"

Margret Bara, vart dessverre sjuk rett føre fylkeskulturmønstringa, men heldigvis hadde ho innslaget sitt som kjent også som musikkvideo og den vart framsynt på fredagskvelden. Låta ho framførte var "Calling".

Jenny Marita var også med på eit innslag saman med Silje Kristin Titlestad frå Ørskog kommune. Lenke til deira flotte framføring frå scena bør du også opne!

I tillegg skulle også Jarl Anders Hjelle og Joakim Helgesen delta, saman med dei andre i gruppa Endgame (repr. Norddal kommune), men dessverre vart dei forhindra i å delta denne gongen. Men vi er viss på at dei kjem knallsterkt attende ved neste høve!

Sjå flott reportasje frå fylkeskulturmønstringa på NRK Møre og Romsdal si nettside 

Her er endå ein NRK-reportasje frå mønstringa

Alle dei andre filmane vedr sceneinnslag, finn du på ukm.no 

Sunnmørsposten her eige bildegalleri frå fylkeskulturmønstringa

Sjå gjerne også vår reportasje i etterkant av fylkeskulturmønstringa i fjor. Der finn du m.a. også lenker til endå meir UKM-stoff, med stordalsungdom involvert.

Reportasjen frå den flotte lokalmønstringa her i Stordal, er også kjekk å få med seg

Takk for framifrå innsats, alle saman og lykke til vidare!!

 
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Stordal sentrum zooma frå Storheimshornet 02.10.2010 | Fotograf: Bjørnar Midtbust
Stordal sentrum 1
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS