Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Anne-Marthe Stavseng
Det var folksamt på Kvitlane under stølsdagen på laurdagen fotograf Anne-Marthe Stavseng
Fotograf: Anne-Marthe Stavseng
Kjekt å få nærkontakt med både sau, høner, kalvar og andre husdyr fotograf Anne-Marthe Stavseng
Fotograf: Anne-Marthe Stavseng
Dei som ville prøve seg på å lage mat, på tradisjonsrik vis, fekk sjølvsagt høve til det fotograf Anne-Marthe Stavseng
Fotograf: Anne-Marthe Stavseng
Her vert lefseleiva forma fotograf Anne-Marthe Stavseng
Fotograf: Anne-Marthe Stavseng
Alltid like populært å få oppleve setje seg på hesteryggen og ta seg ein liten ridetur fotograf Anne-Marthe Stavseng

Suverene Langsæterdagar!

Langsæterdagane 2014 gjekk av stabelen laurdag 30. og søndag 31. august og Stordal Sogelag har verkeleg grunn til å seie seg nøgde også med årets utgåve. Med god hjelp frå dei mange, som velviljug stilte opp for å bidra, vart dette ei helg til å minnast. Når veret i tillegg viste seg frå si aller beste side, ja då kunne det heile rett og slett ikkje blitt betre!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.09.2014

På sjølve stølsdagen på Kvitlane, laurdagen, var det eit yrande liv og som tidlegare fekk ein oppleve korleis maten vart laga i gamle dagar. Det var vidare mange dyr på stølen denne dagen. Både kalvar, lam og kylling var på plass, til stor glede for borna. Dei mange som hadde lyst til å få seg ein ridetur på hest, fekk også høve til det.

I tillegg til å få sjå korleis både prim, møsebrøm og andre godsaker vart laga, var det sjølvsagt også råd å få smake. Stas er det sjølvsagt også å få sjå handverkarar i sving, som t.d. Alfred Johansen, som var på plass og synte korleis han lagar dei vakre knivane sine.

Borna også aktivt med
Også den yngre garde tek del, når Langsæterdagane skal arrangerast. Her var det mange unge som hadde kledd seg slik det var vanleg i eldre tider og dei var også aktivt med både i høve matlaging og anna. På søndagen var mange av dei same borna også med, då m.a. Stordal Barnekor bidrog med flott song på Pusken-stølen. I tillegg til song og musikk, var det tradisjonen tru også friluftsgudsteneste då.

Dei første Langsæterdagane vart arrangert i 2005 og ved å kikke på tidlegare reportasjar, kan du få eit kjekt tilbakeblikk på mange av desse flotte arrangementa. Vi gler oss alt til neste utgåve av Langsæterdagane, for at dette er populært, er det ingen tvil om!

Både Storfjordnytt og Bygdebladet har laga fine reportasjar, med mange flotte bilder, frå den supre helga.

Takk til Anne-Marthe Stavseng som har teke slike fine bilder og takk for at vi fekk lov til å nytte dei i reportasjen vår.

I vår førehandsreportasje presenterer vi også lenker til tidlegare reportasjar frå desse suverene arrangementa og ein finn også lenker til eigne bildegalleri. Vel verdt å ta eit lite tilbakeblikk! 

Gratulerer til Stordal Sogelag og alle dei gode hjelparane!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Kommunehuset
Kommunehuset
Levert av ACOS AS