Fotograf: Bjørg Jacobsen
Gjestane fekk seg t-skjorter fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Knut Slinning Bjørdal frå Ålesund Bibliotek, ein av dei som inspirerte fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Biblioteksjef Bjørg Moltu, har all grunn til å smile breidt om dagen. Det eine flotte opplegget etter det andre, og det med god oppslutning fotograf Bjørg Jacobsen

Inspirerande!

Sist tysdag inviterte Stordal bibliotek til inspirasjonskveld. Gjestar var Knut Slinning Bjørdal frå Ålesund bibliotek og Hilde Gjessing frå fylkesbibliotektet. Frå fylkesbiblioteket var også nytilsette Madelen Ramsøy til stades. Frå Ørskog kom Gunnhild Todal og Janet Roelofs og fortalde om korleis dei driv lesesirkel der.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.09.2014

Knut Slinning Bjørdal åpna inspirasjonskvelden med eit dikt av forfattaren Paul Celan. Diktet Dødsfuge er omsett til norsk av Olav H. Hauge og Bjørdal leste både på tysk og norsk. Vidare tok han tilhøyrarane med til Mummidalen og leste frå Tove Jansson sine bøker på svensk. Også lokalhistorie var tema – her vart det delt ut eit gamalt bilete frå 1896, der ein kunne lese mykje ut av detalajane i biletet.

Hilde Gjessing frå fylkesbiblioteket hadde mange bøker å anbefale. Ho fortalde at det ikkje er lett å finne ei spesiell favorittbok, men trekte m.a. fram boka «En bønn for Owen Meany» av John Irving som ein av sine favorittar, i tillegg til mange andre bøker som ho også såg på som favorittar.

Som inspiratorar til ein eventuell oppstart av lesesirkel, hadde biblioteket fått med Gunnhild Todal og Janet Roelofs. Dei har vore med på lesesirkel i Ørskog sidan oppstarten i 2009 og hadde mange erfaringar å dele om nettopp det å vere med i ein lesesirkel. Det er liten tvil i at å vere med i ein lesesirkel er ein heilt unik sjanse til å lese meir bøker – i tillegg til å treffe andre og diskutere bøker med andre!

I Stordal tenkjer ein seg ein litt anna form for lesesirkel enn den tradisjonelle. Ved å bli med på ein lesesirkel for folk i farta, kan ein kombinere det å gå tur, med det å
diskutere bøker med andre. Også dei som vil vere med på ein tradisjonell lesesirkel vert av biblioteket oppmoda til å ta kontakt.

Inspirasjonskvelden var eit av fleire «stunt» som Stordal bibliotek har med i prosjektet «Biblioteket i farta». Biblioteket vil med prosjektet vere ein aktiv og synleg aktør i lokalsamfunnet og neste arrangement vil vere haudelyktsafari 8. november. I tillegg er bliblioteket involvert i markeringa av Verdensdagen for psykisk helse som skal markerast i Stordal 23. oktober.

Mange har sikkert også lagt merke til dei andre flotte arrangementa biblioteket vårt har stått bak, den siste tida. Her tek vi med nokre døme:

Stubbevandring søndag 10. august 

Stubbevandring søndag 24. august (reportasje i Storfjordnytt) 

Flott reportasje også om inspriasjonskvelden i gårdagens utgåve av Storfjordnytt!