Tirsdag 25. november kl. 18.30 inviterer Stordal bibliotek til ein heilaftan med trim og bokbad. Fyrst vert det ei samling i auditoriet ved Stordal skule, der leseglade vil fortelje om bøker som dei med glede vil anbefale til andre leseglade. Etterpå kan den som vil ta eit forfriskande bad i symjebassenget eller gå ein trimtur i regi av den glade gjengen i Mental Helse.
Dette arrangementet, som høyrest rett så kjekt ut, er ein del av biblioteket vårt si satsing dette året. Satsinga har fått tittelen "Biblioteket i farta", noko som er ganske så treffande. Les gjerne meir om ein del av dei andre arrangementa tidlegare dette året.
Når Bjørg no inviterer til trim og bokbad, serverer ho også noko å bite i, samt kaffe eller te.Du kan velje mellom to trimalternativ kl. 19.30:1. Bading i basseng2. Trimtur i regi av den glade gjengen i Mental Helse Stordal
Les meir om kva Mental Helse Stordal utrettar. (at dette er ein glad gjeng, er det ingen tvil om!)
Les meir om biblioteket vårt både på heimesida og på facebook.
Laurdag 1. november arrangerte biblioteket i tillegg "Haudelyktsafari" og også dette vart vellukka. Les eigen reportasje på biblioteket si nettside.