Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Storfjordnytt
Petter Løset Skodjereite høyrer til blant dei aller beste i Norge innan idretten sin! fotograf Storfjordnytt
Fotograf: Hallgeir Hove
Jentene i Charis har sunge saman, heilt sidan dei lærte å gå. Lat oss håpe dei vil halde fram med det! fotograf Hallgeir Hove

Kulturstipend til Charis og Petter Løset Skodjereite

Stordal kommune har vedteke å tildele kulturstipend til songgruppa Charis og til kombinertløparen Petter Løset Skodjereite.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 18.12.2014

Songgruppa Charis har, som kjent for dei fleste, sitt utspring frå Stordal Barnekor. Der har dei vore med omtrent sidan dei lærte å gå. Med Ragnhild Fauske som leiar for dette koret i årevis, godt assistert av Kirsti Almås, har dei fått lære seg å synge og det å stå på ei scene og opptre, frå første stund. Det er heller ikkje få songtekstar dei har lært seg (og det imponerande raskt) og etterkvart som åra har gått har det også blitt både to og trestemt song. Sjølvsagt har jentene også hatt fleire andre arenaer der dei har fått god opplæring innan song og musikk, ikkje minst innan kulturskulen. Dei har gleda publikum under ei rad arrangement kvart einaste år og i fjor vart det endåtil ein suveren CD med flotte julesongar. Flott opptreden på NRK Møre og Romsdal, vart det og den gongen.

Medlemmane i Charis er: Vilde Lorgen Øvrebust, Emilie Sylte Hove, Julie Olsen Almås, Mathilde Vinje Øvrebust og Amalie Ekroll Hove. (Tidlegare har også Anette Hagfonn Rønneberg vore med i gruppa, fram til ho flytta for omlag eit år sidan)

Her er nokre lenker til tidlegare reportasjar om Charis: 

Barnekoret 10 år! (14. desember 2009)

Stordal Barenkor med eigen jule-CD! (26. november 2013) 

Charis på NRK i dag! (13. desember 2013)


Petter Løset Skodjereite har dei siste sesongane vist at han høyrer heime heilt i norgestoppen innan idretten sin, med fleire sølvmedaljar i NM. Sist helg deltok han på renn i Gausdal og i konkurranse med alle dei beste i landet, tok han like godt 1. plassen både på laurdagen og søndagen. Med tanke på dei tildels snøfattige vintrane på våre kantar, dei siste åra, er det ekstra imponerande det Petter presterer. Det skal bli særs interessant å fylje med på satsinga hans også vidare.

På same viset som at det står eldsjeler bak koret Charis, er tildelinga av kulturstipendet til Petter også ei anerkjenning av det enorme arbeidet som vert lagt ned av eldsjeler i Stordal IL, og då sjølvsagt både i hoppbakken og i langrennsløypa.

Her er nokre lenker til tidlegare reportasjar om Petter:

Martine og Petter held fram med å imponere (16. desember 2014)

Endå fleire imponerande resultat (14. mars 2013) 

Stordal vert lagt merke til! (30. mars 2012)

Endå meir suksess i skiløypene (1. mars 2012)

Petter sitt svar til NRK, på kva ambisjonar han har (intervju frå 18. mars 2011): "Trur kanskje langt opp då, men ej veit ikkje.." (ikkje alle lenkene er "operative" lengre, men intervjuet av Petter, Martine og Ingrid finn ein framleis)

Det har blitt ein fast tradisjon å nytte Årsfesten for Stordalshallen til å overrekkje og heidre stipendmottakarane skikkeleg. Ein tek sikte på å gjere det på dette viset også denne gongen.

Ordninga med å tildele kulturstipend strekkjer seg heilt attende til 2002 og difor også kjekt å ta eit tilbakeblikk på tidlegare tildelingar. Det viser at Charis og Petter er i godt selskap og ikkje minst er dette eit bevis på at vi verkeleg har grunn til å vere stolt av ungdomen i Stordal kommune. Og då tenkjer vi så absolutt ikkje berre på dei som har motteke kulturstipend. 

Vi gratulerer mottakarane av Stordal kommune sitt kulturstipend 2014. De er alle saman flotte ambassadørar for Stordal kommune og vi er særs stolte av dykk! 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Utsikt frå Mosætra
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS