Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Hallgeir Hove
Herdis Kamp åleine på den store scena. Det tackla ho særs godt og framførte songen sin på vakkert vis fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Jentene i gruppa JARM imponerte stort på scena med sin firstemte song fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Liten tvil om at publikum let seg fascinere av dansen til tigrane våre! ("Tigers") fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Amalie også med på eitt av dei flotte innslaga frå Ørskog kommune, nemleg gruppa Safehouse fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Katrine Mæhlum Pilskog
Glowsticks høyrer også med når Tigers framfører sin flotte sjølvkomponerte dans fotograf Katrine Mæhlum Pilskog

Representerte kommunen på utmerka måte!

Denne helga har det vore fylkeskulturmønstring i Herøy kommune og nærare 400 unge frå heile Møre og Romsdal har teke del. Ungdomane frå Stordal gjorde sine saker veldig bra og var på alle måtar flotte representantar for kommunen vår. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 20.04.2015

UKM feirar i år 30 års-jubileum og det er all grunn til å hevde at denne flotte mønstringa av ungdomskultur står veldig sterkt i Møre og Romsdal. I fjor var der ei påmelding på nærare 2 000 born og unge her, noko som ga fylket vårt ein sterk tredjeplass på landsbasis. Også deltakinga i Stordal kommune (på lokalmønstringa) er truleg i landstoppen, når ein ser det heile i høve til innbyggjartalet.

I løpet av dei tre dagane fylkeskulturmønstringa varte, var det seks flotte scenforestillingar i Herøy Kulturhus og i tillegg var det eiga festforestilling i konserthuset i Fosnavåg. I tillegg var det m.a. også flott kunstutstilling, der som kjent både Gunn Eli Hjell og Eirin Renate Reite Vik var representert med hhv flott dikt og teikning. Sjå vår tidlegare reportasje for meir om både kunstobjekta og anna.
 

Med som reiseleiarar var Anne Berit Løset og Torill Hove Busengdal og også dei har berre lovord å kome med, når det gjeld ungdomane våre. Alle saman budde på skulen som låg tett attmed kulturhuset og det vart sjølvsagt også tid til å besøkje Sunnmørsbadet som ligg vegg i vegg. Der var det også vanndisco på laurdagskvelden. 

Vi nemner også at Maria Holand Tøsse var med som medlem av juryen også denne gongen og til liks med alle andre let ho seg imponere over alt det fantastisk flotte vi fekk oppleve. I tillegg til at alle som var med, skal få si tilbakemelding frå Maria og dei andre i juryen, skal dei også plukke ut nokre få innslag som får høve til å representere Møre og Romsdal i landsfinalen av UKM. Akkurat det, kan ikkje vere noko enkel oppgåve.

Media er flink til å dekkje mykje av det som skjer i samband med Ungdommens Kulturmønstring og nedanfor presenterer vi nokre lenker til meir om både våre deltakarar og generelt:

NRK Møre og Romsdal med mange innslag frå den flotte helga i Herøy kommune

På UKM Møre og Romsdal finn de sjølvsagt også mange flotte innslag 

Bildegalleri på UKM Møre og Romsdal

Forestilling nr 4 (smp.no) med m.a. JARM frå Stordal

Forestilling nr 5 (smp.no) med m.a. Tigers og Herdis frå Stordal

Forestilling nr 3 (smp.no) med Safehouse (Ørskog) og Amalie vokal

Fin reportasje om Amalie og Safehouse på smp.no

Legg m.a. også merke til at du kan gjenoppleve alle sceneinnslaga her.

Vi takkar både deltakarar og reiseleiarar frå vår kommune for framifrå innsats og ynskjer sjølvsagt alle deltakarane lykke til vidare!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Mot Almås
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS